Hjelp eg har tatt LGT! Kva no?
Hjelp eg har tatt LGT! Kva no?
Har du og hunden din tatt LGT, men kjenner at de ikkje heilt er klare for å hive dykk ut i konkurranse enno? Då er dette kurset for deg!
I dette kurset tek me utgangspunkt i kvardagen etter LGT – når nesa funkar, men både hund og førar treng litt meir erfaring før konkurranse. Me jobbar med:
- Generalisering av miljø – tryggleik og fokus i ulike omgjevnader
- Konkurransesetting – kva møter du på ein konkurransedag, og korleis førebur du deg?
- Problemløysing – korleis støttar du hunden utan å hjelpe for mykje
- Sjølvstende – hunden lærer å jobbe meir sjølvstendig
- Snuta på kjelda – presisjon og forståing av funnstad
- Duftsamling – finne og avskrive duftsamling
Kurset passar for ekvipasjar som har tatt LGT og vil byggje vidare mot konkurranse i klasse 1 – uansett kor langt de har kome.
Instruktør:
Eg er godkjend instruktør og dommar i alle klassar for Nosework Norge, og konkurrerer sjølv i klasse 1–3 med fleire hundar. Eg veit korleis det er å stå mellom LGT og konkurranse, og deler både erfaringar og praktiske verktøy for å kome vidare på vegen.
Har du ikkje tatt LGT, men er godt i gang med sjølvstyrte søk og litt trening bak deg? Ta kontakt, dette kan framleis passe!
Datoar:
29. april
6. mai
13. mai
3. juni
10. juni
17. juni
Fra kl 18 til ca 19:30 kvar gong. Me trener i hovudsak i Arna.
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds









