Dommarstolen i Kristiansund!

Ei slags oppsummering

Ei helg som dommar i Nosework er alltid noko heilt eige, og turen til Nordmøre denne gongen var ikkje noko unnatak! Sjølv om køyrevegen var lang, var han gløymt i det sekundet eg rulla inn på området til Kristiansund Hundeklubb. Makan til flott plass! Dei hadde fått huka tak i eit framifrå konkurranseområde for helga, der eg har hatt gleda av å dømme både ein køyretøyspesialist klasse 1, og ein NW2, og sit att med mange gode minner frå staden, ekvipasjane og livet generelt.

Søksforholda

Når me snakkar om «P» i Nosework-samanheng, så er det ikkje berre snakk om å møte opp og finne utlegget. Det handlar om ei heilskapleg oppleving av at alt klaffar, og at ekvipasja visar fram noko “ekstra”. Søksforholda denne helga gav utfordringar der det var mogleg for ekvipasjane å vise fram kva dei har øvd på; me hadde kompliserte duftvandringar som sette dei på prøve.

Og her hagla det med P-ar!. Eg såg ekvipasjar der hundane hadde eit så tydeleg og målretta fokus at det var ei fryd. Det var openberrt at desse hundane har med seg gode erfaringar i ryggsekken, og dei lima seg kring køyretøyhjørnene som klister, dei kraup og krabba innunder der det gjekk an, dei jaga ut etter duft der det var kompliserte straumar og dei jobba seg tilbake til køyretøya av erfaring og forståing.

Føraren si rolle!

Eg vart fleire gonger imponert over førarane denne helga. Det er lett å sjå seg blind på kvar me trur utlegget må vere, eller la seg styre av stress og miljø. Her kom det rekkevis med ekvipasjar der førar såg at hunden skifta gir eller endra tempo og retningar, og førar tok konsekvensen av det. Det var imponerande tiltak undervegs der førar justerte avstand og gav hunden rom til å jobbe seg ut av kompliserte duftbilete, og tok det ekstra lille steget som kom med gode forslag til hunden berre når det var strengt naudsynt. Å sjå ekvipasjar som visar så godt dette “ekstra” der førar følger opp eiga trening i den “test av trening” som konkurranse er – er noko av det som P er for meg.

Køyretøyspesialist kl 1

Køyretøy byr alltid på litt utfordringar. Me hadde ein forholdsvis jamn vind og temperatur gjennom dagen, men sola dukka opp litt no og då og ville vere med. På køyretøy får me ofte litt ekstra greier med alle vinklar, holrom og kanalar både under, over og rundt køyretøya.
Me hadde ein minigravar – med utlegget heilt foran på skuffa og start bakerst med vinden i ryggen. Her fekk me litt duftsamling på beltene, særleg på høgre sida.
Ein skaphengar som egentlig var terskel, utlegg litt foran og nede. Mange tok denne rett på, men plukka og fint opp duftstraum som gjekk bakover hengaren og mot utlegget.
Ein bil med utlegg på venstre forhjul. Vinden kom frå bak bilen, sola kom på same side som hjulet. Start foran på bilen. Duftstraum tydelig ut og rundt hjulet, nokre ville inn under.

Siste søksområdet her var ein tilhengar som stod mellom ein bygning og ein murkant. Dette er og einaste eg har bilde av. Her var start rett mot enden av tilhengaren, og utlegget ligg i hjulet på høgre side. Ei ekstra utfordring her er den “kanalen” av vind som kjem pga av området. Hundane fann duftspredning særleg på høgre side, og nokre hoppa og opp på murkanten. Dei aller fleste fikk likevel duft rett i snusaren frå startlinja. Det er forholdsvis høgt mellom bakken og underkanten av tilhengaren og veldig mange hundar ville rett inn under og til utlegget frå baksida. Som i høgste grad er rettaste vegen fram til dette utlegget.

NW2

Eg tykkjer NW2 er gøy! Det er, for mange, det første møtet med litt meir kompliserte utfordringar og litt meir uthaldenheit. Gjennom desse fem søka vart ekvipasjane prøvd i:
Fleire utlegg – gå frå eitt og finne eitt til + lett tidspress (innandørssøket – to utlegg to minutt)
Fleire utlegg + forstyrring + lett duftstraum + lett tidspress (emballasjesøket – knekkebrød som forstyrring og dør som gjekk opp/att – to utlegg tre minutt)
Avskrive områder + duftsamling + duftstraum (utandørs – eitt utlegg tre minutt)
Duftstraum + duftsamling + lett utilgjengelig + lett tidspress (køyretøy – eitt utlegg 2,5 minutt)
Fleire utlegg + konvergens + lett tidspress (utandørs – to utlegg med konvergens 2,5 minutt)

Her og var det særs mykje godt arbeid! I første søksområde, innandørs, hadde eg kombinert to rom – eit kontor og eit kjøken som tilsaman vart eit søksområde med eitt utlegg i kvar. Møbleringa var litt klønete så enda med å legge på ein stol i kvar sitt rom. Det vert fort ei mental utfordring for førar som kanskje ikkje alltid trur det kan vere så lett?
I emballasjesøket var det ingen som hang seg opp i forstyrringa, som låg i ein boks ikkje så langt frå start og som dei fleste kjapt gikk over og forbi. Det eine utlegget var ein mild terskel, og det andre låg lengre inne i rommet langs vegg på motsett side. Her fekk dei litt duftstraum som gjekk, særleg frå terskelutlegget, og mot utgangsdøra som var i andre enden. Ellers mykje godt bandarbeid her, og fin dekking av områda og alle emballasjen som ikkje var veldig ryddig lagt ut over.
Tidspress var mest synleg på køyretøysøket, som her vart den vanskelegaste utfordringa for dagen, tett fulgt av emballasje. Begge desse momenta har førarar generelt ein tendens til å bli litt involvert i, men her gjekk det i hovudsak på søksforståing og erfaring der hundane viste kva dei trener på til vanleg.
Det siste søksområdet, utandørs i eine skyttarbua, var nok det som endra seg mest i løpet av dagen. Det var fin konvergens mellom utlegga som låg nokså tett, og litt gøyal sjangling mellom der hundane sorterte duftstraumar og kva som høyrde til kvar. Temperaturskilnadane og haugane med ting som stod rundt i området gjorde at me og fekk to områder med duftsamling, ein i kvar ende av søksområdet – der mesteparten låg innerst i området tidleg og tidleg i området seinare på dagen.

Takk til Kristiansund Hundeklubb

Ein dommar er aldri betre enn teamet rundt seg, og rammene i Kristiansund var heilt førsteklasses. Makan til ufatteleg hyggelige og flinke arrangørar! Den generelle logistikken gjekk som smurt. Dei hadde med seg skjermveggar! Det fløyma over av pølser og brus! Dei hadde ordentlige og varierte køyretøy! Det gjer jobben som dommar så mykje lettare når ein veit at ein har proffe folk i ryggen. Konkurranseområdet var supert og gav oss akkurat det miljøet me trong for å legge tilrette for dei utfordringane som ekvipasjane skal møte i desse konkurransane.

Søndag på NW2 hadde eg og med meg super-Hege som skuggedommar! Det å kunne lufte vurderingar og diskutere nyansar undervegs er utruleg gjevande og bidreg til å løfte sporten vår vidare. Lukke til med dommarutdanninga, godkjenninga er nok rett rundt svingen!

Takk for ei aldeles strålande helg! Kristiansund Hundeklubb leverte, og eg reiste heim med både fagleg påfyll og gode minne i bagasjen.

Me sjåast på neste søk!

Vyrdsamt,

Mari

Leave a Reply