Date

Dec 29 - 30 2022
Expired!

Time

10:00

Pris

Kr 2.200,00

Beste Starten! Romjulskurs

Sjå for deg ein hund som ber om å få trene, som berre har fokus på deg, som gir alt når de trenar!

På dette kurset tar me for oss korleis du på ein morosam og kreativ måte kan leike deg fram i livet, til eit engasjement utan like, høgare fart, betre fokus og meir treningsmotivasjon! Dette er eit heilt konsept med engasjement og trening, uansett hundesport.

I dette introduksjonskurset får du forståing for konseptet, korleis trene frå botn av og korleis setje saman alle momenta til ferdige øvelsar.

 

Passar for unghundar, kvalpar og vaksne! Nyttig enten du tenker du vil trene mot hundesport eller “berre” ha familiehund!

Instruktørar er

Lina Kayser og Mari Lægreid. Begge har canis instruktørkurs i botn, og har fått nyttig påfyll som sertifiserte Bästa Starten instruktör fra No Limit Obedience i 2022.

Arrangør

Mari
Phone
47341091
Email
mari@flythundetrening.no

Leave a Reply