Date

Aug 25 2022 - Sep 29 2022
Expired!

Time

18:00 - 20:00

Pris

Kr 2.000,00

Nosework – etter nybegynnerkurset

Har du gått nybegynnerkurset og har lyst på litt meir struktur på treninga?

På dette kurset jobbar me vidare med hunden sine søksevner. Me jobbar med rutiner og mønstre, gir hunden kontekst og generaliserer søk og utfordringar for å få flyt og forståing.
Me jobbar oss gjennom alle søksmomenta og andre kreative oppgåver for å få motivasjon og framgang. Hovudfokuset vil vere på motivasjon og mestring for hunden, og for førar det å lese hund, startrutiner og duftforståing.

Me vil bruke mykje film i løpet av kurset, for eigen læring, og du får oppgåver mellom kvar trening.

 

Me tilrettelegg for ekvipasjane etter ønsker og mål, og kan til dømes legge opp til å trene mot LGT for dei som vil det, eller starte å trene på anis.
Passar for deg som enten akkurat er ferdig på grunnkurset og framleis jobbar med parring, eller for deg som akkurat har kome igong med å jobbe med duft aleine.

 

Kun ein hund er ute og trener om gongen, eventuelt ein hund i kvar gruppe om me delar oss opp. Hundane skal ikkje møtast. Du må ha bil som hunden kan vente i mellom øktene, eller den kan vente i bur inne dersom den slappar av der.

 

Praktisk trening alle gongar. Flesteparten i våre områder i Arna, men me flyttar oss kanskje og noko rundt etter avtale/treningsmål.

 

Ta gjerne med eigne dufter om du har, så bytter me på hvilke me brukar!

 

 

Stad

Arna
Arna

Arrangør

Mari
Phone
47341091
Email
mari@flythundetrening.no

Instruktør

  • Mari
    Mari
    Instruktør

    Instruktør for Flyt hundetrening, ein avdeling under Canis hundeskole.
    Godkjend instruktør for Nosework Norge.
    Godkjend atferdskonsulent via kursserie hjå NMBU

Leave a Reply