
Nosework nybyrjarkurs – for omplasseringshundar!
Har du fått omplasseringshund?
Enten du har overtatt ein hyperaktiv unghund, ein sliten eldre kamerat, ein hundereaktiv vaksen hund eller ein heilt super hund utan nokon problemer så er dette kurset for deg. Eit Noseworkkurs retta mot hundar som av ulike orsaker har måtta bytta heim i løpet av siste halvåret.
Her går me tilbake til røtene for Nosework, og satsar på hundar som av ulike orsaker har vore på flyttefot. Me meinar at uansett rase, alder og personlegdom så har alle hundar god nytta av å ha ein “jobb”. Det tar tid å bli kjende og bli trygge på kvarandre, og gjennom Nosework kan den nye ekvipasja bli betre kjende og få ein triveleg jobb å gjere saman.
På dette kurset står Nosework som aktivisering i fokus. Me lagar søksoppgåver som bygger sjølvtillit, mestring og optimisme. Me brukar Nosework for å bli kjend med hundane og gjere hundane kjende med nye miljøer, folk og forventningar. Som førar vert du kjend med ein enkel og engasjerande sport som du lett kan gjere heime på eiga hand, og som har mange muligheter for å utvikle seg til ein større og meir utfordrande sport om du ønskjer det seinare.
Me startar laurdag kl 11, og søndag kl 15, i Arna.
Reknar drøyt tre timar kvar dag.
Me møtast og att 24. august kl 18 for å ei kveldstrening for å sjå på framdrift og fleire variasjonar av oppgåver!