
Unghundkurs
Har hormona slått til for fullt, alt anna er interessant, hjernecellene er som popcorn, lyset er på men ingen er heime?
Då er kanskje unghundkurs på tide!
Unghundtida kan vere krevande. Det er mykje som skjer og kan vere vanskeleg å halde fokus. På dette kurset skal me jobbe med fokus og vanlege forstyrringar, og mykje av treninga vil vere det å greie å trene/vere rolege rundt andre hundar.
Tema vil mellom anna vere:
Kontakt
Gå fint i band
Target
Omvendtlokking
Innkalling
Handtering
Passering
Praktisk trening alle gongar! Me vekslar mellom trening og teori. Det er fint om du har ein bil hunden kan vente i medan me har teori – har du ikkje bil så ta kontakt for ei løysing. 🙂
Passar godt for deg med kvalp på seks månader eller meir, som ikkje har gått kvalpekurs, eller om det er lenge sidan. Opptil ca to års alder, men eldre hundar er og velkomne. 🙂
Inkludert goodiebag frå flinkt.no!
I tillegg inkluderar kurset og ei mini-økt på fotoshoot! Detaljar og dato kjem og er litt avhengig av været.
Instruktøren er hundefotograf på si. Sjå meir på www.altsomerfint.no
Seks tysdagar, frå 7. mars kl 18.
Siste gong 11. april.