Date

Nov 01 2022 - Dec 13 2022
Expired!

Time

17:30 - 19:00

Pris

Kr 2.500,00

Unghundkurs

Har hormona slått til for fullt, alt anna er interessant, hjernecellene er som popcorn, lyset er på men ingen er heime?

Då er kanskje unghundkurs på tide!

 

Unghundtida kan vere krevande. Det er mykje som skjer og kan vere vanskeleg å halde fokus. På dette kurset skal me jobbe med fokus og vanlege forstyrringar, og mykje av treninga vil vere det å greie å trene/vere rolege rundt andre hundar.

Tema vil mellom anna vere:
Kontakt
Gå fint i band
Target
Omvendtlokking
Innkalling
Handtering
Passering

Praktisk trening alle gongar! Me vekslar mellom trening og teori.
Passar godt for deg som ikkje har gått kvalpekurs, eller om det er lenge sidan.

Seks tysdagar, frå 1. november. “Fri” 29. nov, siste gonge 13. desember.

Arrangør

Mari
Phone
47341091
Email
mari@flythundetrening.no

Instruktør

  • Mari
    Mari
    Instruktør

    Instruktør for Flyt hundetrening, ein avdeling under Canis hundeskole.
    Godkjend instruktør for Nosework Norge.
    Godkjend atferdskonsulent via kursserie hjå NMBU

Leave a Reply