Date

Nov 21 - 22 2026

Time

11:00 - 17:00

Pris

Kr 2.500,00
Registrer

Elitekurs – kva ventar etter klasse 3?

Elite er på veg inn i norsk nosework. Denne helga ser me nærare på kva som faktisk ventar, og kva det krev av hunden og av deg.

Meir enn fleire utlegg
Det er lett å tenkje at elite berre er klasse 3 med fleire utlegg. Men overgangen handlar om andre ting: større og meir samansette søksområde, ukjent tal på utlegg, søk som går over fleire søksmoment, og krav til at du som førar held hovudet kaldt, tek gode val undervegs og veit når du er ferdig. Hunden må halde fokus og presisjon lenger, i meir krevjande miljø.

To variantar: Elite Select og Elite
Me tar for oss dei to planlagte variantane av Elite. I Elite Select er det fire søksområde, og søka skal delast i minst to bolkar. Søksområda vil oftast vere om lag på storleik med klasse 3, og noko mindre krevjande enn Elite (ELT). Elite har variert antal søksområde, noko større søksområder og meir krevande kombinasjonar av utfordringar.

Kva me gjer på kurset

  • Gjennomgang av det førebelse regelverket for Elite Select og Elite
  • Kva utfordringar formatet gir, både for hund og førar
  • Søk der me prøver ut element frå båe elite variantane: blanda søksmoment, ukjent antal, større område, blanke område og strategi for førar
  • Felles drøfting av søka, så alle lærer av alle ekvipasjane
  • Andre variantar som kan kome i elite utfordringar.

Kurset er ein blanding av teori og praksis. Treninga føregår hovudsakleg utandørs, så kle deg etter vêret. 

Kven passar kurset for?
Ekvipasjar som konkurrerer i klasse 3, eller som trenar på det nivået og vil vite kva som kjem etterpå.

Praktisk

  • Tid: laurdag og søndag kl. 11–17 ved full gruppe. 
  • Stad: Arnaområdet eller etter avtale
  • Gode belønningar, hund.

 

Stad

Arna
Arna
  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Book Event

Form/ticket icon icon
Deltakar
Kr 2500
Form/up small icon icon Form/down small icon icon
Available Påmeldingar: 0
The "Deltakar" ticket is sold out. You can try another ticket or another date.

Arrangør

Mari
Phone
47341091
Email
mari@flythundetrening.no

Instruktør

  • Mari
    Mari
    Instruktør

    Instruktør for Flyt hundetrening, ein avdeling under Canis hundeskole.
    Godkjend instruktør for Nosework Norge.
    Godkjend atferdskonsulent via kursserie hjå NMBU

Leave a Reply