Date

Aug 21 2024 - Sep 25 2024

Time

18:00 - 20:00

Pris

Kr 2.300,00
Registrer

Kvalpekurs!

Har du ein deilig liten piraya-kvalp?

Vil du gi kvalpen din den beste starten på livet? Bli med på kvalpekurs!

Det er alltid lurt å gå kvalpekurs, sjølv om du har hatt hund før.

 

Me vil mellom anna gå gjennom:
Korleis hundar lærer
Gode rutiner
Belønningar
Kvalpebiting, ro, miljøtrening og sosialisering
Kontakttrening
Innkalling
Bli og vent
Target
Gå fint i bånd
Være høflig
Gi fra seg ting
Være med og rundt andre hundar
Enkle søksoppgåver som spor eller nosework, og aktivisering generelt

Me vekslar mellom praktisk trening og at kvalpane skal slappe av. Medan kvalpane kvilar har me teori om dei mest vanlege utfordringane. Det er maks seks kvalpar på kursa, så det er tid til oppfølging for kvar enkelt.

Ope for alle kvalpar av alle rasar og blandingar. Er kvalpen din fem månader eller eldre ta kontakt før påmelding for å sjå om det passar eller om me heller anbefalar eit anna kurs. 🙂

 

Det aller viktigaste du lærer på kvalpekurs, er korleis du sjølv kan trene kvalpen din i etterkant. Vårt mål er at du skal lære treningsprinsippa og greie å takle utfordringar som oppstår på ein god måte. Me legg stor vekt på å gi kvalpane oppgåver som gjer både hund og eigar førebudd på livet, og ein “jobb” for hunden som ofte er eit godt utgangspunkt for eit roleg og harmonisk hundeliv.

 

Me brukar belønningsbaserte metoder på alle våre kurs!
Me trener i hovudsak utendørs, men går inn om det er dårleg vær.

 

Går over seks veker, frå 21. august kl 18:00
Me vekslar mellom praktisk trening og litt teori alle gongar.

Me held til på Espeland i Arna. 🙂

Stad

Arna
Arna
  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Book Event

Kvalpekurs
Kr 2300
Available Påmeldingar: 6
The "Kvalpekurs" ticket is sold out. You can try another ticket or another date.

Arrangør

Mari
Phone
47341091
Email
mari@flythundetrening.no

Instruktør

  • Mari
    Mari
    Instruktør

    Instruktør for Flyt hundetrening, ein avdeling under Canis hundeskole.
    Godkjend instruktør for Nosework Norge.
    Godkjend atferdskonsulent via kursserie hjå NMBU

Leave a Reply