Dale – Kvalpekurs – sosialisering og miljøtrening
Har du ein deilig liten piraya-kvalp?
Ein som smeltar hjarta ditt, og lagar hol i sokkar og tær samtidig?
Vil du gi kvalpen din den beste starten på livet? Og samtidig sleppe å stå åleine i utfordringane som dukkar opp etter kvart?
Få hjelp gjennom dei fasane som faktisk er dei mest krevjande i kvalpelivet – også når kvalpen plutseleg ikkje er like søt og samarbeidsvillig som han var første veka
Jevnlige treningar kvar torsdag i seks veker. Du får både støtte, rettleiing og justering undervegs – akkurat når du treng det.
🐾
Kva lærer du og kvalpen?
Tryggheit i nye situasjonar
Gode vanar i kvardagen
Kontakt og samarbeid
Enkle øvingar for ro, fokus og mestring
Handtering og førebuing til livet som familiehund
Og sjølvsagt: masse rom for spørsmål, tilpassing og heiarop!
🌟
Dette kurset er for deg som vil:
Få ein god start – men veit at kvalpelivet varer lenge
Bygge tryggheit og forståing – ikkje berre på kursplassen, men i kvardagen
Ha ein støttande instruktør som du kan spørje undervegs, også når det butter litt
Me vil mellom anna gå gjennom:
- Korleis hundar lærer
- Gode rutiner
- Belønningar
- Kvalpebiting, ro
- Miljøtrening og sosialisering
- Kontakt
- Innkalling
- Bli og vent
- Target – for gøy og nytte
- Språk
- Gå fint i band
- Vere med og rundt andre hundar
- Enkle søksoppgåver og aktivisering
Det aller viktigaste du lærer på kvalpekurs, er korleis du sjølv kan trene kvalpen din i etterkant. Vårt mål er at du skal lære treningsprinsippa og greie å takle utfordringar som oppstår på ein god måte.
Me brukar belønningsbaserte metoder på alle våre kurs!
Går over seks kveldar, ca 1,5-2 timar pr kveld ved full gruppe.
Me vekslar mellom praktisk trening og litt teori alle gongar.
Inkluderer lita gavepakke frå flinkt.no til dei firbeinte.
300,- kr rabatt for medlemmer av Vaksdal hundeklubb.

