Date

Jul 13 2025
Expired!

Time

16:00 - 18:00

Pris

Kr 2.200,00

Dale – Kvalpekurs – sosialisering og miljøtrening

Har du ein deilig liten piraya-kvalp?
Ein som smeltar hjarta ditt, og lagar hol i sokkar og tær samtidig?

Vil du gi kvalpen din den beste starten på livet?  Og samtidig sleppe å stå åleine i utfordringane som dukkar opp etter kvart?

Få hjelp gjennom dei fasane som faktisk er dei mest krevjande i kvalpelivet – også når kvalpen plutseleg ikkje er like søt og samarbeidsvillig som han var første veka  

Jevnlige treningar kvar torsdag i seks veker. Du får både støtte, rettleiing og justering undervegs – akkurat når du treng det.


🐾

Kva lærer du og kvalpen?

  • Tryggheit i nye situasjonar

  • Gode vanar i kvardagen

  • Kontakt og samarbeid

  • Enkle øvingar for ro, fokus og mestring

  • Handtering og førebuing til livet som familiehund

  • Og sjølvsagt: masse rom for spørsmål, tilpassing og heiarop!


🌟

Dette kurset er for deg som vil:

  • Få ein god start – men veit at kvalpelivet varer lenge

  • Bygge tryggheit og forståing – ikkje berre på kursplassen, men i kvardagen

  • Ha ein støttande instruktør som du kan spørje undervegs, også når det butter litt

 

Me vil mellom anna gå gjennom:

  • Korleis hundar lærer
  • Gode rutiner
  • Belønningar
  • Kvalpebiting, ro
  • Miljøtrening og sosialisering
  • Kontakt
  • Innkalling
  • Bli og vent
  • Target – for gøy og nytte
  • Språk
  • Gå fint i band
  • Vere med og rundt andre hundar
  • Enkle søksoppgåver og aktivisering

 

Det aller viktigaste du lærer på kvalpekurs, er korleis du sjølv kan trene kvalpen din i etterkant. Vårt mål er at du skal lære treningsprinsippa og greie å takle utfordringar som oppstår på ein god måte.

 

Me brukar belønningsbaserte metoder på alle våre kurs!

 

Går over seks kveldar, ca 1,5-2 timar pr kveld ved full gruppe.

Me vekslar mellom praktisk trening og litt teori alle gongar.

Inkluderer lita gavepakke frå flinkt.no til dei firbeinte.

 

300,- kr rabatt for medlemmer av Vaksdal hundeklubb.

Stad

Arna
Arna

Arrangør

Mari
Phone
47341091
Email
mari@flythundetrening.no

Instruktør

  • Mari
    Mari
    Instruktør

    Instruktør for Flyt hundetrening, ein avdeling under Canis hundeskole.
    Godkjend instruktør for Nosework Norge.
    Godkjend atferdskonsulent via kursserie hjå NMBU

Leave a Reply