Date

Jul 18 - 19 2026
Expired!

Time

11:00 - 15:00

Pris

Kr 2.300,00

Nosework – Kunsten å melde ferdig

Oppover i klassane handlar det ikkje berre om å finne utlegg, men og om å bli ferdig med områder – sei frå at det ikkje er meir å finne. Det er kanskje mest synleg i tomsøk at ein må sei frå at det ikkje er noko der, men til dømes i søksområder med berre eitt utlegg er det og viktig å sei frå at “her er det faktisk berre eitt” ved å bruke ferdigmeldinga.

Korrekt ferdigmelding betyr i klasse 2 og 3 at du får registrert kor lang tid de faktisk brukte i dei forskjellige søksområda. Etter klasse 3 er det mulig det og kan bety meir for poengutdelinga – det gjenstår å sjå.

Men å faktisk skjønne når det ikkje er meir å finne er ein eigen kunst, og det er i hovudsak førar sitt ansvar å forstå at det ikkje er meir å jobbe med, og å avslutte søket.

Her går me gjennom kva du skal sjå etter for å forstå at søksområdet er tomt eller at det ikkje er meir å finne, og kva du kan trene på sjølv eller kva utfordringar du bør gi hunden din.

Ekvipasjen må kunne alle duftene, vere kjent med konvergensutfordringar og andre problemløysingsoppgåver.

Me trenar i Arna.
Laurdag fra kl 11
Søndag fra kl 15

4-5 timar alt etter størrelse på gruppa

Stad

Arna
Arna

Arrangør

Mari
Phone
47341091
Email
mari@flythundetrening.no

Instruktør

  • Mari
    Mari
    Instruktør

    Instruktør for Flyt hundetrening, ein avdeling under Canis hundeskole.
    Godkjend instruktør for Nosework Norge.
    Godkjend atferdskonsulent via kursserie hjå NMBU

Leave a Reply