Date

Feb 17 2026
Expired!

Time

17:30 - 19:00

Nosework treningsgruppe vidarekomne

Treningsgruppe i Nosework – vidarekomne (KL2 / KL3)

Denne treningsgruppa er for ekvipasjar som har kome godt i gang med nosework, og som ønskjer vidare utvikling mot meir krevjande søk og konkurransenivå i klasse 2 og 3.

Gruppa passar for deg som har ein hund som:

  • søkjer sjølvstendig etter duft, éin og éin hund i søk

  • har trygg forståing for duft og søksarbeid

  • toler å jobbe i nye og varierte miljø

  • er klar for auka kompleksitet og utfordringar

På treningane vil vi jobbe med mellom anna:

  • utfordrande søksområde og utleggingar

  • duftspreiing og samling

  • strategiar i KL2/KL3

  • Lese og observere hund

Treningane blir lagt opp slik at kvar ekvipasje får god arbeidstid, individuelle tilbakemeldingar og utfordringar i eit trygt og støttande treningsmiljø. Kort muntlig teori først ved behov, mest praktisk trening. 

Dette er ikkje ei nybyrjargruppe. Er du usikker på om nivået passar for deg og hunden din, er du velkomen til å ta kontakt før påmelding.

Me trener i området arna/åsane.

Annakvar tysdag, fem tysdagar frå 17. februar.

Instruktør

  • Mari
    Mari
    Instruktør

    Instruktør for Flyt hundetrening, ein avdeling under Canis hundeskole.
    Godkjend instruktør for Nosework Norge.
    Godkjend atferdskonsulent via kursserie hjå NMBU

Leave a Reply