Date

Feb 22 2025

Time

11:00 - 16:00

Pris

Kr 2.000,00
Registrer

Temakurs – Fleire utlegg [Nosework]

Eit mål i Nosework er å gi hunden fleire utfordringar og problemer den kan løyse. Ein forholdsvis enkel måte å lage fleire utfordringar for hunden på er å legge fleire utlegg i eitt og same søksområde. Hunden må då mellom anna:

  • Forstå at det er fleire utlegg
  • Forstå at den skal bli ved utlegget den har funne fram til den har fått belønning
  • Forstå at den skal finne alle
  • Forstå når den skal gå frå eit utlegg den har funne
  • Forstå litt kompliserte duftvandringar der lukt frå to eller fleire forskjellige utlegg samlar seg

Det set og litt fleire krav til førar, som må lese meir komplekse atferder hjå hunden når den møter konvergens, forstå kva områder det ikkje finst duft i, føre utan å stå i vegen, hjelpe når det trengst, lese kva deler av søket eigen hund treng meir erfaring med m.m.

Me tar for oss kvar av desse delene.
Konkurranseerfaring er ikkje naudsynt, og kurset kan passe godt for deg som er ganske fersk så lenge hunden er trygg på minimum bjørk+anis. Me vil trene med alle luktene siste gongen.

Base i Arna, mulig noko trening blir litt utanfor etter avtale. Kun ein hund vil vere i trening om gongen, og hundane må vente i bil mellom øktene.
Fra 11 til ca 16 avhengig av antal deltakarar, matpause midt på dagen.
To laurdagar: 22. februar og 29. mars. Veksle mellom teori og praksis.
Enkle oppgåver mellom treningane, med mulighet for tilbakemelding på filma søk.

Stad

Arna
Arna
  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Book Event

Form/ticket icon icon
Temakurs fleire utlegg
Kr 2000
Form/up small icon icon Form/down small icon icon
Available Påmeldingar: 2
The "Temakurs fleire utlegg" ticket is sold out. You can try another ticket or another date.

Instruktør

  • Mari
    Mari
    Instruktør

    Instruktør for Flyt hundetrening, ein avdeling under Canis hundeskole.
    Godkjend instruktør for Nosework Norge.
    Godkjend atferdskonsulent via kursserie hjå NMBU

Leave a Reply