Temakurs – Lese hund i duftstraumar
Ei av dei mest krevjande – og spanande! – oppgåvene som hundeførar er å verkeleg forstå kva hunden held på med. Kor er den i søket? Kva gjer at luktbildet endrar seg? Og når jobbar den faktisk målretta?
På dette kurset skal me dykke djupt inn i hundespråk og søksforståing. Over tre kveldar trenar me på å observere og tyde hunden sine små og store signal:
Er hunden i eit ekte søk, eller held den på med noko anna?
Skjønar den kva me skal allereie frå start?
Kva ser me når hunden går over i eit finsøk?
Korleis ser det ut når hunden reinskar eller avskriv eit område?
Det blir litt kjapp og nyttig teori kvar gong, men hovudfokuset er på praktisk trening og observasjon.
Oppgåver mellom treningane, med mulighet for tilbakemelding på film.
Tid og stad: Tre tysdagar frå kl. 17:30 (ca. 2,5 timar per gong med full gruppe). Me held til i Arna, hovudsakleg ute, med noko inne-trening.
Datoar: 17. nov, 1. des og 15. des. (14 dagar mellom kvar gong).
For kven? Passar for deg som har gått nybegynnerkurs, trena litt på eiga hand, eller som rett og slett vil bli flinkare til å lese hunden i søket.
Viktig å vite: Pairing er tillatt, alle dufter blir brukt, og løpetidstisper kan delta (går sist i gruppa).

