Date

Aug 26 2025

Time

18:00 - 20:00

Pris

Kr 2.500,00
Registrer

Unghundkurs

Har hormona slått til for fullt, alt anna er interessant, hjernecellene er som popcorn, lyset er på men ingen er heime?

Då er kanskje unghundkurs på tide!

 

Unghundtida kan vere krevande. Det er mykje som skjer og kan vere vanskeleg å halde fokus. På dette kurset skal me jobbe med fokus og vanlege forstyrringar, og mykje av treninga vil vere det å greie å trene/vere rolege rundt andre hundar.

 

Tema vil mellom anna vere:
Kontakt
Gå fint i band
Target
Ro
Omvendtlokking
Innkalling
Handtering
Passering
Aktivisering – gi hunden ein jobb

 

Praktisk trening alle gongar! Me vekslar mellom trening og teori.
Passar godt for deg som ikkje har gått kvalpekurs, eller om det er lenge sidan.

 

Seks tysdagar, frå 26. august. Kurset går over litt tid, så de rekk trene mellom øktene. De får tilgang til teorileksjonar online som de kan sjå når de vil.

Små grupper.

Datoar:

26. august
2. september
9. september
16. september
30. september
21. oktober

  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Book Event

Form/ticket icon icon
Unghundkurs
2500
Form/up small icon icon Form/down small icon icon
Available Påmeldingar: 4
The "Unghundkurs" ticket is sold out. You can try another ticket or another date.

Arrangør

Mari
Phone
47341091
Email
mari@flythundetrening.no

Instruktør

  • Mari
    Mari
    Instruktør

    Instruktør for Flyt hundetrening, ein avdeling under Canis hundeskole.
    Godkjend instruktør for Nosework Norge.
    Godkjend atferdskonsulent via kursserie hjå NMBU

Leave a Reply