Ei forteljing. Eit eventyr.

Det er noko heilt eige med bileter som ikkje berre er lyse og blankpolerte. Bileter som rommar det litt mørke, det mystiske, det som luktar mose, tåke og gamle eventyr. Eg likar når bileta har ein stemning, eit sug og ei historie under overflata. Eit eventyr du kan gå deg vekk i.

Med ein kombinasjon av varme, leik og tolmod (og eit lass godbitar), skapar eg ei fotooppleving som både du og hunden din faktisk har lyst til å vere med på.

Eg tilbyr tre ulike fotopakkar – frå ein kjapp portrettrunde til ei heil mini-reise der målet er å få noko stort opp på veggen.

Kvifor velje meg?

Eg jobbar med hund på heiltid og veit kor viktig det er å møte kvar hund på deira eigne premissar. Eg tek meg tid til å bli kjend med hunden din, sjå personlegdomen, og skape ei roleg, trygg stemning der han får vere seg sjølv.

Enten det er ein leiken kvalp, ein spretten unghund eller ein stillfaren senior, tilpassar eg meg tempoet og dagsforma. De treng ikkje vere lydige, kunne sitte stille lenge eller kunne gå lause overalt.

Fotopakkar

Minipakken
2200 kr


For deg som vil ha nokre få stemningsfulle bileter.

30 min fotografering
1 lokasjon
5 ferdig redigerte bilder
Webfiler – til bruk i Some eller på nett
1 hund



Mediumpakken
3600 kr


Den mest populære! Passe mengde bilete og filstorleik for både skjerm og vegg


Opp til 60 min fotografering
1-2 lokasjonar (etter avtale)
10 ferdig redigerte bilder
Webfiler – til eige bruk i Some eller på nett
Trykkfiler opp til ca 40×50
1-2 hundar

Megapakken
5800 kr


Alt du treng for å forevige din eventyrhund

1-2 timar fotografering
1-3 lokasjonar eller tilpassa plan
15 ferdig redigerte bilder
Webfiler – til eige bruk i Some eller på nett
Trykkfiler for store format
1-3 hundar
Liten printpakke inkludert

  • Alle pakkar inkluderer førehandssamtale og rådgjeving om val av stad, lys og eventuelt utstyr
  • Ekstra bilete kan kjøpast i etterkant
  • Reisetillegg kjem utanfor Arna-området (Bergen)

Om

Eg likar skog, regn, skodde og eventyr – og hundar. Augeblikka då lyset dett heilt rett, når vinden luktar mose, granskog og eventyr.
Dette falt heilt naturleg saman med foto, og oftast er kamera nærare enn gummistøvlane når eg skal ut.


Gjennom mange år med arbeid innan hundetrening og atferd har eg lært meg å lese det som skjer mellom slaga. Dei små signala, ein vipp med øyret, nasen som vibrerar mot vinden og hundar som er heilt og fullt tilstades. Det er desse augneblikka eg prøver å fange i bileta mine. Eg fotograferer ikkje for å lage noko perfekt – men for å fange det som er ekte, nært og levande.

Har eg tatt bilder for deg, og vil du fortelle om korleis det var? Send meg ein melding!

Mari

hei@flinkt.no

Kontakt

Fortel gjerne litt om kva du ser for deg.

Kva får du?

01. Fotograferinga

Me møtes på avtalt stad og tidspunkt for sjølve fotograferinga. Me brukar gjerne litt tid først så hunden blir kjent med opplegget og føler seg trygg, før fotograferinga startar.

02. Første utval

Eg går over bilda og vel ut dei som best representerar din hund, dine ønsker og mine ønsker for kvaliteten eg vil levere.

03. Online album

Innan to veker etter fotograferinga vil bileta normalt vere klare i eit online album.
For minipakken får du då ferdig redigerte bilder klar til nedlasting. For dei andre pakkane vil du få eitt ferdig redigert bilde som eg har valgt, og kan deretter gjere valg mellom resten av bilda i albumet for kva du vil eg skal redigere ferdig. Etter at du har valgt vil det ta 4-6 veker å redigere heilt ferdig.

Ofte stilte spørsmål

Kvar?
Eg held til på Vestlandet, med base i Bergensområdet, men eg tek gjerne turen både kortare og lengre – mot eit lite reisetillegg. Om det passar, kombinerer eg gjerne fotografering med andre reiser.

I nærområdet har eg nokre favorittplassar som eg gjerne foreslår. Dersom me skal til ein ny stad for meg, vil eg alltid ta ein runde i forkant for å sjekke lys, terreng og stemning. Eg fotograferer ute, med naturleg lys.

Når?
Dei beste bilda får vi i morgon- eller kveldslys. Eg fotograferer helst tidleg eller seint på dagen – men gjerne midt på dagen om det er overskya!
Sterk sol midt på dagen unngår eg heilt, det gir harde skuggar og lite stemning. Me held alltid eit lite auge på værmeldinga og flyttar tidspunkt om det trengst.

Kor store er dei digitale filene?
Det kjem an på fotopakken du vel:

Treng du endå større fil for veggbilete? Det kan kjøpast utanom.

Minipakken: Filer tilpassa bruk på nett og sosiale media. Dei kan òg printast i opptil ca. 20×30 cm med god kvalitet.

Medium- og megapakken: Her får du høgoppløyste filer som egnar seg til større print, opp til ca. 40×50 cm.

Merk: Eg har ikkje ansvar for kvaliteten på utskrift frå tredjeparts leverandør.

Kva kostar det for ekstra filer?

• Webversjon: 200 kr/stk – perfekt for deling på nett og i sosiale medier

• Trykkversjon: 400 kr/stk – filstorleik klar til å printast opp til A4

• Større format / full oppløysing: 600 kr/stk


Eg har sau/hest/gris, kan du ta bilder av den?
Ja! Kjempeja! Ta kontakt, me får til!

Kva skal du ha på deg?
Eg tek hovudsakleg bilete av hunden, ikkje av deg. Du treng altså ikkje vere klar for portrett. Likevel kan det skje at du dukkar opp i eitt og anna blinkskot, så me avklarer på førehand om du ønskjer å vere synleg eller ikkje.

Antrekk? Kle deg etter ver og vind – komfort er viktigast! Det er ofte litt vått, bratt eller bustete der eg fotograferer.