Korleis “passe vanskeleg” visar seg å vere eit særs bevegeleg mål.
Eg har reist rundt nok og dømt, og sjølv delteke på nok forskjellige stevner, til å innbille meg sjølv at eg har “sett det meste”. Forskjellige miljø, forskjellige værforhold, forskjellige erfaringar og treningsfokus, forskjellige hundar og forskjellige folk.
I klasse to skal ekvipasjen, eller kanskje helst egentlig berre hunden, testast. Det blir ein liten test i miljø, konvergens, uthaldenhet, tidspress, utilgjengeleg og å dekke søksområdet. Har hunden, eller ekvipasjen, trent på dei forskjellige tinga som blir meir komplisert oppover i klassane?
Hoppet fra kl1 til kl2 er stort. Det er fryktelig mykje meir som skal gjerast på kortare tid. Der ein i klasse 1 gjerne har tre minutt på å finne eitt utlegg, får ein i klasse to ei litt meir hektisk og stressande oppleving. Det stresset er det vanlegvis førar som kjenner mest på, og det bidreg ofte på ein litt uheldig måte.
Denne dagen fekk eg utlevert eit riktig flott område på ein barne/ungdomsskule. Her var det masse å ta av og eg valde ut fire varierte områder. Det var meldt forholdsvis stabilt overskya med regn/vind heile dagen.
Søk 1
Eg valgde ut eit litt større område som første søksområde. For dei første to testhundane inkluderte området og fleire benkar og ei bålpanne, men testhund to hang litt fast i benkane så krympa området ned. Beholdt ein benk for å gi hundane nok rom fra eine utlegget.
Utlegga vart lagt slik at eitt låg oppe på inngangspartiet i ein krok ved vindauga, dette oppførte seg rimelig ryddig og greit, og spreidde seg langs glatte vindauge mot venstre og ut veggen der, noko gikk og mot høgre og hang litt i rekkverket. Hundane jobba seg dit kjapt og greit, og dei fleste fann denne først.

Utlegg to låg nærare startlinja, under ein stolpe. Dette trakk rett utover og litt mot benken/startlinja. I utgangspunktet eit veldig standard enkelt utlegg dei fleste burde vere kjent med, men stolpen stod litt “usynleg” til og vart passert av dei fleste førarar som ein del av transport fra a til b. To av testhundane tok dette veldig lett, den tredje (som fikk det større området) hang litt meir fast i benkane men tok utlegget fint når benkane var utelukka.
Siste låg heilt for seg sjølv nede i enden av “gangen”. Det seig sakte litt mot venstre utover dagen men gav fine enkle konklusjonar stort sett, vart noko vanskelegare for dei 2-3 siste ekvipasjane.

Her fekk dei heile fem minutter på området. Det var nok hakket for lenge, og eg trur fleire førarar vart noko stressa av at det var så lang tid. Samstundes gav det tolmodige førarar god tid til å la hundane styre seg gjennom og utforske på eiga hand, og det var rikelig tid til å stoppe opp og ta ein restart. På generell basis var det mykje god føring her, særleg med tanke på å føre nøytralt og å gi hunden plass. Eit par førarar var nok litt forutinntatte med kvar dei meinte ting burde vere og haldt igjen att hundane fekk jobbe fritt, men altså generelt godt jobba.
Søk 2
Ein ballbinge! Eg tykkjer ballbingar er kjekke å søke i. Denne hadde liggande plank rundt heile, som duftene ville strøyme langs. Arrangør satte kompostgrind i eine enden så det var mogleg å la hundane gå lause utan for mykje fare for at dei stakk av til nabokommunen eller enno lengre.
La eitt enkelt utlegg i hjørnet mellom mål og vegg som spreidde seg mot høgre, og eitt ca midt på ei langside som spreidde seg mot venstre. Det var ein liten konvergens i hjørnet mellom desse to for dei første ekvipasjane, men dei spreidde seg deretter tydeleg i kvar sine retningar. Den midt på langsida vart vanskelegast, her jobba dei fleste seg svært godt langs veggen og hadde lite problemer med dei bittesmå duftsamlingane som var langs stolpane, men dei trakk typisk noko ut når dei nærma seg utlegget. Vinden kom på skrått bakfrå og styrte duftspreiinga mot venstre langs veggen men og utover mot midten av bingen. Dette såg ut til å forvirre fleire hundar litt som då trakk ut frå veggen og sirkla litt i duft – her vart eit par då trekt vekk av førar frå å utforske og styrt mot startområdet. Her var det ellers særleg mykje gode frie søk, og eit par riktig imponerande ekvipasjer!

Søk 3
Tredje søksområde var eit meir standard søksområde, eit lite inngangsparti og litt av veggen ved sidan av. Her la eg eitt utlegg i hjørna ved vindauga, og eitt under panelet på veggen til høgre. Desse konvergerte minimalt, den ved hjørnet var lett å konkludere på, og trakk noko i mot rekkverket til venstre som tok litt merksemd, og den ved veggen slo mot slutten av dagen godt oppover og mot sitt venstre hjørne og yes-sona vart godt utvida i forhold til først tenkt.

Søk 4
I søk 4 var det ein liten leikeplass, sandkasse og huske-stativ. Utlegget låg mot bakre hjørne på sandkassen, og dreiv litt mot skogen bak, men styrte og langs kanalen/kanten av sandkassen mot venstre og inn i søksområdet. Den var forholdsvis grei å plukke opp når dei kom eit par meter inn i området frå startlinja.
Eit par rota seg litt inn mellom huskene, og fikk demonstrert gode lineførings-skills før dagen var over.

Vær
Dagens hovudfiende var været. Det starta bra, men det kom nokre augenblinkar med sol som endra driven noko, og det var vekslande vind samstundes som regnet kom og gikk. Desse stadige skiftene gjer ting fort meir ustabilt enn ønska. Variasjon er bra, men det finst jo grenser.
Ekvipasjane hadde mykje godt med seg! Sjølvstendige og stødige hundar, og førarar som gav gode val undervegs!
Me sjåast!
Vyrdsamt,
Mari
