Aktuelt
Kurs
Kurs og privattimer for hundeegarar, av instruktørar frå Canis Hundeskole.
Atferdskonsultasjon
Har det oppstått problemer i hundeholdet? Me tar imot deg som har utfordringar!
Blogg
Litt av kvart om smått og stort innan hund.
Kommande kurs og aktivitetar!
January 2025
Nosework nybyrjarkurs – tysdagar
Nosework nybyrjarkurs – tysdagar
Nosework er ein hundesport der hunden lærer å søke etter spesifikke dufter i ulike søksområder. Det er ein spennande sport som passar for alle hundar og eigarar, og samarbeidet om søket bygger relasjon og samspel mellom deg og hunden din.
Nosework er og interessant som bruk som aktivisering av hund, som for konkurranse. Sporten vart grunnlagt som ein måte å aktivisere  omplasseringshundar på for mental aktivisering og å finne ro.
Me jobbar med hunden si mestring og entuisiasme, og forståing av oppgåva ved bruk av emballasje, og eigar får lære mykje om å lese eigen og andre sine hundar. Etterkvart innfører me søk på duft.
Kurset er retta mot nybegynnarar, og krev inga førehandskunnskap. Me trenar ein og ein hund, så det passar og fint for hundar som er engstelige eller har problem med å omgåast andre hundar. Hundar som ikkje trener kviler i bilen medan dei ventar.
Kurset går over fem tysdagar, frå kl 18. Me trenar både inne og ute. Første gang er teori utan hund.
Ta med gode godbitar og leiker.
Du får luktene og liten startpakke av meg på slutten av kurset, samt sporadiske treningar med instruktør i løpet av året i etterkant av kurset.
Kan dele opp betaling om ønskelig. 🙂
-
00
days
-
00
hours
-
00
minutes
-
00
seconds
Instruktør
Nosework treningsgruppe – for litt ferske
Nosework treningsgruppe – for litt ferske
Treningsgruppe over fem torsdagar. Går annankvar torsdag frå 16. januar, kl 18:00.
Passar særleg for ekvipasjar som er ferdig med nybyrjarkurset, som er klar for å generalisere søk, trene i nye områder og på forskjellige momenter og vanskar.
Må minimum ha deltatt på nybyrjarkurset for å delta.
Me trenar inne og ute, i Arna og kanskje Ã…sane.
Instruktøren førebur og legg ut søka, og er tilgjengeleg for veiledning og spørsmål men kan og trene med eigen hund. Deltakarane delast i grupper som samarbeider om søka, observerer og stør kvarandre.
Ta kontakt om du har spørsmål, eller om du vil melde på med meir enn ein hund!
Stad
-
00
days
-
00
hours
-
00
minutes
-
00
seconds
Instruktør
Nosework treningsgruppe – vidarekomne Sold Out
Nosework treningsgruppe – vidarekomne
Treningsgruppe for deg som er godt i gang, og trenar på alle duftene.
Me møtast forskjellige stader i Arna, og har Espeland som base. Me legg opp treningane litt etter forskjellige tema, som utfordrar både førar og hund. Til dømes utholdenhet, emballasje, underlag, høgde!
Me brukar alle duftene, aleine eller i kombinasjon. Trenar på meir variert emballasje og andre morosamme ting!
Fem gongar, annankvar torsdag frå 23. januar, fra kl 18:00.
-
00
days
-
00
hours
-
00
minutes
-
00
seconds
Instruktør
February 2025
Nosework trenerkurs!
Nosework trenerkurs!
Vil du nerde litt Nosework? Har du skjønt at det er meir ved Nosework enn å berre legge ut vilkårlege søk? Vil du lese både hund og søksområder?
Trenerkurset er lagt opp med fire helgesamlingar over tid, og oppfølging i ei privat facebookgruppe. På samlingane vekslar me mellom teori og praksis, og me brukar mykje film og analyserer søk og søksområder både før og etter.
Mellom helgene trenar ekvipasjene med tema og oppgåver.
Tema gjennom helgene vert:
Duftteori
Hunden sin luktesans
Korleis søka kan utdanne hunden
Førarferdigheter
Observere og forstå hund og søksområde
Korleis nytte film for å lære meir
Motivasjon
Problemløysing
Uthaldenhet
Senke stress
Fleire funn
Forstyrringar
Konkurransetrening
Deltakarane må ha deltatt på nybyrjarkurs for å delta, og vere i gang med minst ei av duftene. Me skal bruke alle luktene i løpet av kurset.
Fakturerast pr helg, kr 3000,- pr ekvipasje.
Fra kl 11.
Tidspunkt og stad vil kunne variere etter avtale. Treningane vert i Bergensområdet.
1.-2. februar
30. mai – 1. juni
13.-14. september
1.-2. november
Stad
-
00
days
-
00
hours
-
00
minutes
-
00
seconds