Flyt – Matche mestring og utfordring
Flyt er ikkje eit nytt konsept innan hundetrening, men Flyt er ein ny hundeskule!
I flytsona er alt mogleg. Du gløymer tid og stad, fokuset er på topp og ferdighetene matchar utfordringane.
Me i Flyt ønsker oss mestring. For førar og for hund. Og me ønskar å utfordre, mestre trening og få betre flyt i kvardagen.

Mari Lægreid
Eg har to bordercolliar, Prim (2018) og Vaffel (2013). Dei trener eg Nosework, spor og lydighet med. Del-eiger og ein bordercollie til (Esel) og ein mini aussie (Muffins) som eg og trenar med.
Eg jobbar heile tida med å utvikle meg sjølv som trenar og instruktør, og freistar halde meg oppdatert med å gå kurs hjå forskjellige aktørar som kan gi påfyll. Særleg har eg vore interessert i atferd og problemløysing hjå hund, og i søksarbeid.
Konkurrerer i Nosework i alle klassar, med Vaffel, Prim og Eselet.
Noswork dommer kl1, 2 og 3
Instruktør for Canis i Bergen 2017-2022
Nosework instruktørkurs 2019
Canis Instruktørkurs 2016/17
Fullført NMBU/NAFS sin atferdskonsulentserie i 2020.
Driv hundeutstyrsbutikken Flinkt.no og hundefoto via flyt.

Elisabeth Vik Hesjedal
Elisabeth er utdanna NKK instruktør, og ho har vore aktiv med hund sidan midten på 90-talet. Vore innom ulike raser og konkurrert i lydighet, agility og bruks. Har halde eindel kurs, blant anna for Voss hundeklubb og Vaksdal og Modalen hundeklubb. Ho har og deltatt på mange kurs innan språk og atferd hjå hund, og konkurranseretta kurs innan dei ulike hundesportane ho har vore aktiv i, i tillegg til NKK sin oppdrettarskule.
Driv Hesjedal gard, ein inn på tunet gard i Vaksdal. Her har ho ei lita agility/treningsbane for hund og hest.
