Nosework instruktørkurs
Vil du bli nosework-instruktør?
Har du eit grunnleggande instruktørkurs i botn, har gått nosework nybegynnerkurs hjå godkjend instruktør, og har blitt hekta på nosework?
Gjennom fire helger og over eit drøyt halvår, vil du bli meir kjend med det grunnleggande fundamentet i Nosework.
Kurset følgjer pensum og rammeverk frå Nosework Norge (NWN), og gjev deg både teori, praktisk trening og eiga undervisningserfaring.
- 50 timar undervisning — praktisk og teoretisk, fordelt over dei fire samlingane.
- Trening av eigen hund — gjennom heile kurset.
- 10 timar eiga undervisning — du underviser 2–3 andre ekvipasjar (kan trenast samtidig), med skriftleg rapport i etterkant.
- Skriftleg rapport — frå undervisninga, tilsvarande om lag 5 timars heimearbeid.
- Heimeeksamen — Tilsvarar ca fem timars arbeid
- Praktisk eksamen — avsluttar kurset.
Søk i alle element
Søk med eitt utlegg, fleire utlegg, eller heilt tomt.
Alle duftene.
Planlegging, gjennomføring og evaluering av utlegg.
Verktøy for å bli kjend med duftvandring.
Kontaminering og oppbevaring
Grovsøk og finsøk
Tilgjengeleg og utilgjengelege utlegg
Markeringstrening
Instruktøren si rolle
Reglar for LGT og for konkurransar i alle klassar.
Planleggje, gjennomføre og evaluere LGT
Konkurranselikande settingar
Passar dette kurset deg?
NWN har formelle krav til deltakarar på instruktørkurs. For å søkje om plass må du:
- Ha bestått eit grunnleggande instruktørkurs for hund. Kurset må ha inkludert pedagogikk, læringsteori og kunnskap om hundens åtferd, språk og signal.
- Ha delteke på minst eitt grunnkurs/introduksjonskurs i Nosework hjå ein godkjent instruktør.
- Kunne møte i Bergensområdet på alle dei fire samlingshelgane. (Inkluderar Bergen og kommunane rundt.)
Kursdeltakar må ha eigen hund til helgene, og må vise framgang gjennom kurset.
Kurset er godkjend av Nosework Norge. Etter avslutta kurs kan du bli godkjend NWN-instruktør.
Pris 18.000,-
Fakturerast for kr 4500,- kvar helg.
Datoar
9.-10. januar
6.-7. mars
29.-30. mai
10.-11. juli
Med forbehold om endringar.