Sist oppdatert 25. november 2026
Her forklarer vi korleis Flyt hundetrening samlar inn og brukar personopplysningar når du besøkjer flythundetrening.no, melder deg på kurs eller tek kontakt med oss.
Kven er ansvarleg?
Flinkt AS (Flyt hundetrening) er behandlingsansvarleg for personopplysningane som blir behandla gjennom denne nettstaden og i samband med kurs, workshops, webinar og sal.
Flinkt AS
Sørsidevegen 3663, 5962 Bjordal
E-post: mari@flythundetrening.no
Kva opplysningar vi samlar inn, og kvifor
Påmelding til kurs, workshops, webinar og arrangement
Når du melder deg på, samlar vi inn namn, e-post, telefonnummer og opplysningar om hunden din (til dømes namn, rase og alder), i tillegg til det du sjølv skriv i påmeldinga. Vi brukar opplysningane til å gjennomføre kurset, sende deg praktisk informasjon og fakturere deg. Grunnlaget er avtalen med deg (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b).
Kontaktskjema og interesselister
Når du sender oss ei melding eller melder interesse for eit kurs, lagrar vi namn, e-post og det du skriv. Vi brukar det til å svare deg, eller til å gi deg beskjed når kurset opnar for påmelding. Grunnlaget er samtykket ditt (artikkel 6 nr. 1 bokstav a), og du kan når som helst be om å bli fjerna frå lista.
Nyheitsbrev
Melder du deg på nyheitsbrevet, lagrar vi e-postadressa di og eventuelt namnet ditt. Vi brukar det til å sende deg nyheiter om kurs, arrangement, tips og tilbod. Grunnlaget er samtykket ditt (artikkel 6 nr. 1 bokstav a). Du kan melde deg av når som helst via lenkja nedst i kvart nyheitsbrev. Vi kan sjå om e-posten blir opna og kva lenkjer som blir klikka på, slik at vi kan lage betre nyheitsbrev.
Kjøp og fakturering
Ved kjøp behandlar vi namn, adresse, e-post, telefon og kva du har kjøpt. Grunnlaget er avtalen med deg og plikta vi har etter bokføringslova (artikkel 6 nr. 1 bokstav b og c). Betalingsopplysningar blir handterte av betalingsleverandøren, og vi ser ikkje kortnummeret ditt.
Statistikk
Dersom du godtek statistikk-informasjonskapslar, brukar vi Google Analytics for å sjå korleis nettstaden blir brukt, til dømes kva sider som blir besøkte, kor lenge og kvar besøkande kjem frå. Vi ser ikkje kven du er. Grunnlaget er samtykket ditt (artikkel 6 nr. 1 bokstav a).
Marknadsføring
Dersom du godtek marknadsføring, kan informasjonskapslar frå Meta (Facebook og Instagram) og Pinterest bli brukte til å måle effekten av annonsar og vise deg relevante annonsar. Grunnlaget er samtykket ditt (artikkel 6 nr. 1 bokstav a).
Kor lenge vi lagrar opplysningane
- Rekneskapsopplysningar (fakturaer og kvitteringar) blir lagra i fem år etter utgangen av rekneskapsåret, slik bokføringslova krev.
- Opplysningar om kursdeltaking blir sletta når vi ikkje lenger treng dei, seinast to år etter siste kurs du deltok på.
- Meldingar via kontaktskjema og e-post blir sletta når saka er avslutta, normalt innan 12 månader.
- Nyheitsbrev: e-postadressa blir sletta når du melder deg av.
- Interesselister blir sletta når kurset er gjennomført, eller tidlegare om du ber om det.
- Statistikkdata i Google Analytics blir lagra i inntil 14 månader.
Kven vi deler opplysningar med
Vi sel aldri personopplysningar. Vi brukar nokre leverandørar (databehandlarar) som behandlar opplysningar på vegner av oss:
- one.com – webhotell og e-post (EU/EØS)
- Fiken – rekneskap og fakturering (Noreg)
- Brevo – utsending av nyheitsbrev (EU)
- Vipps MobilePay – betaling (Norden)
- Thinkific – plattform for nettkurs, dersom du kjøper nettkurs (Canada, som EU har godkjent som trygt tredjeland)
- Google – statistikk, berre med samtykke
- Meta og Pinterest – marknadsføring, berre med samtykke
Google, Meta og Pinterest kan overføre opplysningar til USA. Overføringa skjer på grunnlag av EU–US Data Privacy Framework eller EU-kommisjonen sine standard personvernvilkår.
Informasjonskapslar
Du kan lese meir om kva informasjonskapslar vi brukar, og endre samtykket ditt, i erklæringa om informasjonskapslar.
Rettane dine
Du har rett til å be om innsyn i opplysningane vi har om deg, og til å få dei retta eller sletta. Du kan òg be om at behandlinga blir avgrensa, protestere mot behandlinga og få utlevert opplysningane dine (dataportabilitet). Har du gitt samtykke, kan du trekkje det tilbake når som helst. Send ein e-post til mari@flythundetrening.no, så svarar vi innan éin månad.
Meiner du at vi behandlar opplysningane dine i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet.
Endringar
Vi kan oppdatere denne erklæringa. Datoen øvst viser når ho sist vart endra.
