August 2026
Bruk vinden — Nosework – Workshop over to kveldar Sold Out
Bruk vinden — Nosework – Workshop over to kveldar
Lukt reiser på luft. Det høyrest enkelt ut, men å verkeleg forstå og bruke luftstraum aktivt i nosework er noko av det som skil ekvipasjane frå kvarandre.
Dette kurset tek utgangspunkt i korleis partiklane beveger seg, og gjev deg verktøy for å lese og støtte hunden din betre — og leggja til rette for meir målretta trening.
Kurset passar for alle, enten du er ny i nosework eller har drive på i fleire år. Prinsippa er dei same, men det er alltid noko nytt å henta når du byrjar å sjå på vind og trekk som ein aktiv del av søket.
Me startar med teori, korleis lukt sprer seg, kva vind, temperatur og terreng gjer med partiklane, og kva du skal sjå etter når hunden søkjer. Deretter går me ut og vurderer søksområder, faktorar som påverkar spredninga og korleis me best tilrettelegg.
To veker seinare møtast me att. Då aukar me på med fleire utfordringar, og me brukar ulike verktøy for å hjelpe oss “sjå” kva som skjer.
Me startar kl 1700 og held på i ca fire timar kvar gong ved full gruppe. 26. august og 9. september.
Me trenar i hovudsak utandørs og kryssar fingre for å få litt vind, i leiren i Arna, men kan vere me møtes andre stader i arnaområdet.
Ekvipasjen må vere kjent med alle noseworkluktene for å delta.
Instruktør
January 2027
Nosework instruktørkurs
Nosework instruktørkurs
Nosework instruktørkurs
Vil du bli nosework-instruktør?
Har du eit grunnleggande instruktørkurs i botn, har gått nosework nybegynnerkurs hjå godkjend instruktør, og har blitt hekta på nosework?
Gjennom fire helger og over eit drøyt halvår, vil du bli meir kjend med det grunnleggande fundamentet i Nosework.
Kurset følgjer pensum og rammeverk frå Nosework Norge (NWN), og gjev deg både teori, praktisk trening og eiga undervisningserfaring.
- 50 timar undervisning — praktisk og teoretisk, fordelt over dei fire samlingane.
- Trening av eigen hund — gjennom heile kurset.
- 10 timar eiga undervisning — du underviser 2–3 andre ekvipasjar (kan trenast samtidig), med skriftleg rapport i etterkant.
- Skriftleg rapport — frå undervisninga, tilsvarande om lag 5 timars heimearbeid.
- Heimeeksamen — Tilsvarar ca fem timars arbeid
- Praktisk eksamen — avsluttar kurset.
Gjennom kurset vil du mellom anna bli kjend med:
Søk i alle element
Søk med eitt utlegg, fleire utlegg, eller heilt tomt.
Alle duftene.
Planlegging, gjennomføring og evaluering av utlegg.
Verktøy for å bli kjend med duftvandring.
Kontaminering og oppbevaring
Grovsøk og finsøk
Tilgjengeleg og utilgjengelege utlegg
Markeringstrening
Instruktøren si rolle
Reglar for LGT og for konkurransar i alle klassar.
Konkurranselikande settingar
Pensum byggjer m.a. på utdelt kursmateriell, Nosework Norge sine vedtekter og regelverk, «The Parker Videos» (NACSW) og «En nese for alt» av Frank Rosell. Ein del teori vil gå online, samt diskusjonsmøter online. Helgene blir brukt mykje til praktisk trening.
Passar dette kurset deg?
NWN har formelle krav til deltakarar på instruktørkurs. For å søkje om plass må du:
- Ha bestått eit grunnleggande instruktørkurs for hund. Kurset må ha inkludert pedagogikk, læringsteori og kunnskap om hundens åtferd, språk og signal.
- Ha delteke på minst eitt grunnkurs/introduksjonskurs i Nosework hjå ein godkjent instruktør.
- Kunne møte i Bergensområdet på alle dei fire samlingshelgane. (Inkluderar Bergen og kommunane rundt.)
Kurset har avgrensa opptak, du søkjer om plass i skjemaet under, og eg tek kontakt for å stadfeste om du har fått plass.
Fakturerast for kr 4500,- kvar helg.
29.-30. mai
10.-11. juli
Med forbehold om endringar.
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds

