Date

Aug 22 2022
Expired!

Time

17:00 - 19:00

Pris

Kr 200,00

Nosework natursti

Bli med på nosework natursti!

 

Me legg ut ei rekke funn på ein liten tur, som ekvipasjen skal finne. Frå kvart funn skal ekvipasjen ta med seg eit hint som tilsaman gir ei løysing.
Makstid 60 minutt.

Ekvipasjene startar med 10 min mellomrom frå Espeland fangeleir.

Dei som vil gå fleire saman får gjerne det! Gi beskjed ved påmelding eller innan laurdag. 🙂

Hundane må kunne bjørk.

 

Alle deltakarar får diplom. Det vert trekt ein vinnar frå dei med riktig løysingsord!

 

 

Turen går i «vanleg» turmiljø. Ein må gå ut frå at ein kan møte andre folk, hundar eller hestar på tur.

 

Du får tildelt starttid pr epost i forkant, og treng ikkje møte før det er din tur. 😊

 

Første ekvipasje startar kl 17.

 

Ta med papir og blyant, eller mobiltelefon til å notere hint på!

Instruktør

  • Mari
    Mari
    Instruktør

    Instruktør for Flyt hundetrening, ein avdeling under Canis hundeskole.
    Godkjend instruktør for Nosework Norge.
    Godkjend atferdskonsulent via kursserie hjå NMBU

Leave a Reply