Date

Feb 25 - 27 2022
Expired!

Time

18:00 - 19:00

Nosework Nybegynnerkurs

Bli med på nybegynnerkurs i nosework! Passar godt for spretne unghundar som treng ein enkel form for aktivisering!

Nosework er ein hundesport der hunden lærer å søke etter spesifikke dufter i ulike søksområder. Det er ein spennande sport som passar for alle hundar og eigarar, og samarbeidet om søket bygger relasjon og samspel mellom deg og hunden din.

Nosework er og interessant som bruk som aktivisering av hund, som for konkurranse. Sporten vart grunnlagt som ein måte å aktivisere  omplasseringshundar på, for å lære hundane mestring, drive mental aktivisering og å finne ro.

 

 

Me jobbar med hunden si mestring og forståing av oppgåva, og eigar får lære mykje om å lese eigen og andre sine hundar. Etterkvart innfører me søk på duft.

 

Kurset er retta mot nybegynnarar, og krev inga førehandskunnskap. Me trenar ein og ein hund, så det passar og fint for hundar som er engstelige eller har problem med å omgåast andre hundar. Hundar som ikkje trener kviler i bilen medan dei ventar.

 

Kurset går over helg

Teori fredag 18-20
Trening laurdag fra kl 11
Trening søndag fra kl 15

 

Me vil i hovudsak vere i Arna.
Me trenar utandørs om været tillet, og då er det mogleg å kome fleire frå familien. Ellers 1-2 personar pr hund.

 

Ta med gode godbitar og leiker.

 

Instruktør

  • Mari
    Mari
    Instruktør

    Instruktør for Flyt hundetrening, ein avdeling under Canis hundeskole.
    Godkjend instruktør for Nosework Norge.
    Godkjend atferdskonsulent via kursserie hjå NMBU

Leave a Reply