Date

Jun 11 2025

Time

18:00 - 20:00

Pris

Kr 2.500,00
Registrer

Nosework nybegynnerkurs – onsdagar

Nybegynnerkurs i Nosework – gi hunden din ein jobb!

Visste du at hunden din har ein luktesans som er fleire millionar gongar betre enn din? No kan du bli med inn i hunden si verd – og det blir både moro, lærerikt og overraskande!

Nosework er ein søkssport der hunden skal lære å finne spesifikke lukter, omtrent som ein narkotikahund – berre for vanlege folk og vanlege hundar. Hunden får bruke hjernen, kroppen og nasa, og du får lære å lese dei små signala som viser at noko spennande er på gang!

I nosework får hunden bruke sansane sine fritt – det er hunden som leiar vegen i søket, og føraren som følgjer. Dette gir både meistring og glede, fordi søket skjer på hunden sine eigne premissar. Resultatet? Eit sterkare samarbeid og ein tryggare hund.

Me startar heilt frå scratch, så det passar perfekt for både unge og vaksne hundar – og for deg som berre er nysgjerrig på kva denne sporten eigentleg går ut på. Her får du konkrete øvingar og mestringsfølelse — og du blir garantert imponert over kva hunden din får til!

Ingen forkunnskapar nødvendig

Du får med deg øvingar du kan gjere heime

Perfekt for både kvardagsaktivisering og deg som vil konkurrere seinare

Passar for kvalpar frå ca 3 mnds alder, for spretne unghundar, for usikre og sjenerte, for trygge og rolege, for dei vakre seniorhundane og alle variantar i mellom!

Kurset blir halde av godkjent instruktør og autorisert dommar i klasse 1, 2 og 3 i Nosework Norge.

Kun ein hund er ute og i arbeid om gongen, medan dei andre ventar i bil.

Tilgang på online teori før første kurskveld, som du kan sjå når som helst og kvar som helst!
Du får start-kit og luktene i løpet av kurset.

Er du klar ?

 

Utsatt/del-betaling er mogleg. Ta kontakt!


  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Book Event

Form/ticket icon icon
Nybyrjar Nosework
Kr 2500
Form/up small icon icon Form/down small icon icon
Available Påmeldingar: 5
The "Nybyrjar Nosework" ticket is sold out. You can try another ticket or another date.

Arrangør

Mari
Phone
47341091
Email
mari@flythundetrening.no

Leave a Reply