Velkomen til
Flyt Hundetrening
Aktuelt

Kurs
Kurs og privattimer for hundeegarar, av instruktørar frå Canis Hundeskole.

Atferdskonsultasjon
Har det oppstått problemer i hundeholdet? Me tar imot deg som har utfordringar!

Blogg
Litt av kvart om smått og stort innan hund.
Kommande kurs og aktivitetar!
June 2026
NW1 og S1-I på Askøy
Date
Time
NW1 og S1-I på Askøy
Flyt hundetrening og heimtun training inviterar til NW1 og S1-I på Askøy!
Me delar kvar konkurransedag i to deler, der ei gruppe startar kl 12 og ei kl 16. Det blir loddtrekning om kva gruppe ein endar i, startlister med kva plass ein får vert delt ut så snart som mogleg. Løpetisper kan delta, men blir flytta til sist i siste gruppe.
Påmelding: TRYKK PÅ DENNE STORE FINE KNAPPEN
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds
Instruktør
July 2026
S1-K Passebek – Noseworkfestivalen 26
Date
Time
Pris
S1-K Passebek – Noseworkfestivalen 26
Velkomen til Noseworkfestivalen 2026!
Me inviterer til ein spennande dag med S1-K!
Konkurransen består av tre søksområder, og me deler deltakarane inn i tre grupper gjennom dagen.
Praktisk informasjon
Dato: 9. juli 2026
Tidspunkt: Gruppene har oppstart på følgjande tider:
Gruppe 1: Kl. 10:00
Gruppe 2: Kl. 13:30
Gruppe 3: Kl. 17:00
- Kva gruppe du hamnar i blir avgjort ved loddtrekning.
Me prøver så langt det lèt seg gjere å leggje til rette for dykk. Dersom du har eit spesifikt ønske om kva gruppe du vil delta i, kan du sende ein e-post til: mari@flythundetrening.no
Me kan diverre ikkje garantere at alle ønsker blir oppfylte, men me gjer vårt beste!
Det blir ikkje pallpremiering, men beste samarbeid i kvar gruppe.
Hundar med løpetid er velkomne til å delta, men må gå i siste gruppe som startar kl 17:00.
Vennlegst gje beskjed om løpetid så snart som mogleg.
Påmelding:
Påmelding: TRYKK PÅ DENNE STORE FINE KNAPPEN
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds
Instruktør
S2-K Skollenborg – Noseworkfestivalen 26
Date
Time
Pris
S2-K Skollenborg – Noseworkfestivalen 26
Velkomen til Noseworkfestivalen 2026!
Me inviterer til ein spennande dag med S2-K!
Konkurransen består av tre søksområder, og me deler deltakarane inn i to grupper denne kvelden
Praktisk informasjon
Dato: 11. juli 2026
Tidspunkt: Gruppene har oppstart på følgjande tider:
Gruppe 1: Kl. 18:00
Gruppe 2: Kl. 20:00
- Kva gruppe du hamnar i blir avgjort ved loddtrekning.
Me prøver så langt det lèt seg gjere å leggje til rette for dykk. Dersom du har eit spesifikt ønske om kva gruppe du vil delta i, kan du sende ein e-post til: mari@flythundetrening.no
Me kan diverre ikkje garantere at alle ønsker blir oppfylte, men me gjer vårt beste!
Det blir ikkje pallpremiering, men beste samarbeid i kvar gruppe.
Hundar med løpetid er velkomne til å delta, men må gå i siste gruppe som startar kl 20:00.
Vennlegst gje beskjed om løpetid så snart som mogleg.
Påmelding: TRYKK PÅ DENNE STORE FINE KNAPPEN
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds
Instruktør
NW2 og S1-E på Osterøy – Sommarkonkurransar i Bergensområdet
Date
Time
NW2 og S1-E på Osterøy – Sommarkonkurransar i Bergensområdet
Velkomen til sommarkonkurransar på Osterøy, 2026!
Me inviterer til ein spennande dag med NW2 og S1-E, på vakre Osterøy!
Onsdag 15. juli har me invitert Hege Trulsen til å kome og dømme NW2 for oss. Monica Nyland vert skuggedommar. I NW2 får ekvipasjen teste seg i fem søk, spredd utover dei fire søksmomenta. Frå kl2 er det meir planlagte utfordringar for ekvipasjene. Med forbehold om at Hege Trulsen har fått godkjend si dommarutdanning til då. Mari Lægreid er eventuell reservedommar.
Torsdag dømmer Monica Nyland emballasje kl 1. Her blir ekvipasjen testa i tre eller fire emballasjesøk. (Antall blir avgjort på dagen.)
Me deler deltakarane inn i to grupper gjennom dagen.
Praktisk informasjon
Dato NW2: 15. juli 2026
- Dato S1-E: 16. juli
Tidspunkt: Gruppene har oppstart på følgjande tider:
Gruppe 1: Kl. 10:00
Gruppe 2: Kl. 14:00
.
Kva gruppe du hamnar i blir avgjort ved loddtrekning.
Me prøver så langt det lèt seg gjere å leggje til rette for dykk. Dersom du har eit spesifikt ønske om kva gruppe du vil delta i, kan du sende ein e-post til: mari@flythundetrening.no
Me kan diverre ikkje garantere at alle ønsker blir oppfylte, men me gjer vårt beste!
Det blir ikkje pallpremiering, men beste samarbeid i kvar gruppe.
Hundar med løpetid er velkomne til å delta, men må gå i siste gruppe som startar kl 17:00.
Vennlegst gje beskjed om løpetid så snart som mogleg.
Påmelding: TRYKK PÅ DENNE STORE FINE KNAPPEN
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds
Instruktør
Nosework – Kunsten å melde ferdig Last Few Tickets
Nosework – Kunsten å melde ferdig
Oppover i klassane handlar det ikkje berre om å finne utlegg, men og om å bli ferdig med områder – sei frå at det ikkje er meir å finne. Det er kanskje mest synleg i tomsøk at ein må sei frå at det ikkje er noko der, men til dømes i søksområder med berre eitt utlegg er det og viktig å sei frå at “her er det faktisk berre eitt” ved å bruke ferdigmeldinga.
Korrekt ferdigmelding betyr i klasse 2 og 3 at du får registrert kor lang tid de faktisk brukte i dei forskjellige søksområda. Etter klasse 3 er det mulig det og kan bety meir for poengutdelinga – det gjenstår å sjå.
Men å faktisk skjønne når det ikkje er meir å finne er ein eigen kunst, og det er i hovudsak førar sitt ansvar å forstå at det ikkje er meir å jobbe med, og å avslutte søket.
Her går me gjennom kva du skal sjå etter for å forstå at søksområdet er tomt eller at det ikkje er meir å finne, og kva du kan trene på sjølv eller kva utfordringar du bør gi hunden din.
Ekvipasjen må kunne alle duftene, vere kjent med konvergensutfordringar og andre problemløysingsoppgåver.
Me trenar i Arna.
Laurdag fra kl 11
Søndag fra kl 15
4-5 timar alt etter størrelse på gruppa
Stad
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds
Instruktør
August 2026
Interessepåmelding – Nosework instruktørkurs
Interessepåmelding – Nosework instruktørkurs
Er du den neste Nosework-instruktøren på vestlandet?
Nosework veks stadig, og behovet for dyktige, trygge instruktørar som brenn for hundens meistring har aldri vore større.
Kvifor setje deg på interesselista?
Plassane på instruktørkursa vert ofte fylte opp raskt. Ved å melde di interesse no, får du:
✅ Førsterett på påmelding når datoane vert offisielle.
✅ Detaljert info om kursinnhald og krav før alle andre.
✅ Hjelp meg å skreddarsy dei praktiske detaljane (stad/tid) så det passar best mogleg for dykk som faktisk skal gå.
Påmelding til interesselista gir ingen forplikting til å melde på til instruktørkurset seinare.
Kven er du?
Du bur truleg på vestlandet, og har eit generelt instruktørkurs i botn. Du har interesse for og erfaring med forskjellige typar hundar, og har eller har snart tenkt å gå nybegynnerkurs i Nosework. Du har og lyst til å ta steget vidare til å inspirere og rettleie andre.
Kva vil eg vite?
Skriv gjerne litt i kommentar om kva erfaring du har frå før, kva område du bur i, og om det passar for deg å starte opp til hausten (sept-nov) eller over vinteren att.
👇 Meld di interesse her.
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds
Instruktør
Bruk vinden — Nosework – Workshop over to kveldar Sold Out
Bruk vinden — Nosework – Workshop over to kveldar
Lukt reiser på luft. Det høyrest enkelt ut, men å verkeleg forstå og bruke luftstraum aktivt i nosework er noko av det som skil ekvipasjane frå kvarandre.
Dette kurset tek utgangspunkt i korleis partiklane beveger seg, og gjev deg verktøy for å lese og støtte hunden din betre — og leggja til rette for meir målretta trening.
Kurset passar for alle, enten du er ny i nosework eller har drive på i fleire år. Prinsippa er dei same, men det er alltid noko nytt å henta når du byrjar å sjå på vind og trekk som ein aktiv del av søket.
Me startar med teori, korleis lukt sprer seg, kva vind, temperatur og terreng gjer med partiklane, og kva du skal sjå etter når hunden søkjer. Deretter går me ut og vurderer søksområder, faktorar som påverkar spredninga og korleis me best tilrettelegg.
To veker seinare møtast me att. Då aukar me på med fleire utfordringar, og me brukar ulike verktøy for å hjelpe oss “sjå” kva som skjer.
Me startar kl 1700 og held på i ca fire timar kvar gong ved full gruppe. 26. august og 9. september.
Me trenar i hovudsak utandørs og kryssar fingre for å få litt vind, i leiren i Arna, men kan vere me møtes andre stader i arnaområdet.
Ekvipasjen må vere kjent med alle noseworkluktene for å delta.
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds

