Date

Oct 05 - 06 2024

Time

09:00 - 18:00

Pris

Kr 500,00

Dovrefestival! NW1 — NW2 — S1-I — S2-U

Ny festival på Dovre! Haustens noseworkeventyr!

Helga 5.-6. oktober blir det ikkje mindre enn FIRE noseworkkonkurransar på Dovre!

Me byr på :

Spesialist innandørs – klasse ein!
Nosework klasse to!
Nosework klasse 1!
Spesialist utandørs – klasse to!

Dommarar:
Tove Larsen
og
Mari Lægreid

Pris kr 500 pr arrangement

Det vert begrensa plassar og oppdelte konkurransar, ein startar tidleg og den andre meir utpå ettermiddagen, for å hindre kollisjon og få best mogleg flyt.

Andre nosework-relaterte påfunn er planlagt! 

Påmelding opnar 22. april.

Merk:
Kvar hund kan kun delta på EIN KONKURRANSE pr dag.
Førar kan delta på fleire.

Det blir loddtrekning av plassar, og eventuelt venteliste.
Påmelding opnar 22. april og stenger 1. mai.
Dersom det ikkje vert fullt haldast påmeldinga opa og etter 1. mai.
Dersom fullt blir loddtrekning fullført seinast 7. mai.

Me planlegg for fire søk i innandørsspesialisten, og tre eller fire søk i utandørsspesialisten.

Informasjon om betaling kjem samtidig med melding om plass.
Plassen må betalast innan 48 timar for å sikrast.

Rosettar til pallplass, premiar til særskildt merkbare ekvipasjer!

Ekvipasjane må ha bestått LGT Bjørk for å delta i klasse 1 konkurransane, og LGT Anis + relevant kl1 konkurranse for å delta i klasse 2 konkurransane.
Førar må vere medlem av Nosework Norge.
Ekvipasjen kan ikkje ha deltatt i høgare klassar enn påmeldt.

Du kan melde deg på loddtrekninga med fleire hundar, eller fleire førarar per hund, men kun den første kombinasjonen som vert trekt får tilbod om plass.
Du kan melde deg på til alle starttidene, eller kun ein/to om ikkje alle passar.

Me ber eventuelle deltakarar og andre om å ikkje oppsøke området i forkant av arrangementet.

Første konkurranse pr dag startar kl 9 om morgonen. Andre konkurranse startar ca 13, merk tidspunkt kan variere noko avhengig av første runde.

Det er vanlegvis mange som bur på området, me forventar at alle tek hensyn til kvarandre og held avstand til kvarandre og til søksområder, og held eigne hundar mest mogleg ute av syne for deltakarar, og sjølve tar noko ansvar for å unngå innsyn. Ruter/turløyper ut av området vil bli merka/informert om.

Laurdag vert det NW1 og NW2
NW1 kl 09:00
NW2 ca kl 13

Søndag vert det S1-I og S2-U
S1-I startar kl 09:00.
S2-U startar ca kl 13.

 

Send gjerne inn eitt skjema pr ekvipasje for ryddigast oversikt.

 

 

 

  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Instruktør

  • Mari
    Mari
    Instruktør

    Instruktør for Flyt hundetrening, ein avdeling under Canis hundeskole.
    Godkjend instruktør for Nosework Norge.
    Godkjend atferdskonsulent via kursserie hjå NMBU

Leave a Reply