Gult Merke! – Snuta på kjelda
Onsdag 20. november inviterar me til gult merke!
Merker er eit nytt aktivitetstilbod frå Nosework Norge, som tek utgangspunkt i andre typar utfordringar enn konkurransar. Her fokuserar me på nyttige utfordringar i kjende miljø. Ønsket er at Merker får førar til å tenke meir kreativt når dei legg ut søk og når dei aktiviserar hundane sine.
Tema for gult merke er Snuta på kjelda! Finn hunden din heilt fram?
Det vert gjennomført tre søk, som inkluderar minst to av dei fire søksmomenta. Deltakar må gjere funn på alle tre søk for å få godkjend merke.
Førar må vere medlem av Nosework Norge