Date

Apr 29 2026

Time

18:00 - 19:30

Pris

Kr 2.300,00
Registrer

Hjelp eg har tatt LGT! Kva no?

Har du og hunden din tatt LGT, men kjenner at de ikkje heilt er klare for å hive dykk ut i konkurranse enno? Då er dette kurset for deg!

I dette kurset tek me utgangspunkt i kvardagen etter LGT – når nesa funkar, men både hund og førar treng litt meir erfaring før konkurranse. Me jobbar med:

  • Generalisering av miljø – tryggleik og fokus i ulike omgjevnader
  • Konkurransesetting – kva møter du på ein konkurransedag, og korleis førebur du deg?
  • Problemløysing – korleis støttar du hunden utan å hjelpe for mykje
  • Sjølvstende – hunden lærer å jobbe meir sjølvstendig 
  • Snuta på kjelda – presisjon og forståing av funnstad
  • Duftsamling – finne og avskrive duftsamling

Kurset passar for ekvipasjar som har tatt LGT og vil byggje vidare mot konkurranse i klasse 1 – uansett kor langt de har kome.

Instruktør:
Eg er godkjend instruktør og dommar i alle klassar for Nosework Norge, og konkurrerer sjølv i klasse 1–3 med fleire hundar. Eg veit korleis det er å stå mellom LGT og konkurranse, og deler både erfaringar og praktiske verktøy for å kome vidare på vegen.

 

 

Har du ikkje tatt LGT, men er godt i gang med sjølvstyrte søk og litt trening bak deg? Ta kontakt, dette kan framleis passe!

 

Datoar:
29. april
6. mai
13. mai
3. juni
10. juni
17. juni

Fra kl 18 til ca 19:30 kvar gong. Me trener i hovudsak i Arna.

  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Book Event

Form/ticket icon icon
Hjelp eg har tatt LGT! Kva no?
Kr 2300
Form/up small icon icon Form/down small icon icon
Available Påmeldingar: 1
The "Hjelp eg har tatt LGT! Kva no?" ticket is sold out. You can try another ticket or another date.

Instruktør

  • Mari
    Mari
    Instruktør

    Instruktør for Flyt hundetrening, ein avdeling under Canis hundeskole.
    Godkjend instruktør for Nosework Norge.
    Godkjend atferdskonsulent via kursserie hjå NMBU

Leave a Reply