
Koronahunden! – for deg som hadde koronakvalp!
Har du “koronahund”? Fikk du kvalp under pandemien, kvalpekursa vart oppstykka eller avlyst, det var alltid nokon heime, sosialiseringa vart ikkje heilt etter planen, og no er kvardagen tilbake med litt utfordringar?
Veldig mange fekk hund under pandemien, og veldig mange fekk ein litt annleis start på hundehaldet enn me eigentleg anbefaler. Den viktige sosialiseringa vart kanskje ikkje heilt som planlagt, kursa var anten fulle eller avlyst, og kva har ein eigentleg trent på heile tida?
No som fleire går tilbake til jobb så skal hunden brått vere meir aleine heime, det er fleire som går tur på same tid på døgnet – så passeringsproblematikk vert meir synleg, og me går mot ein sommar der me skulle ønske me kunne ta med hunden litt meir overalt – på ting den aldri har trent på!
Dette er kurset for Koronahunden!
Tema vil mellom anna vere:
Korleis lærer hundar?
Motivasjon og belønning
Er det for seint å sosialisere og miljøtrene?
Heime aleine
Passeringstrening og ro
Aktivisering
Me trenar på innkalling, finne ro rundt andre hundar, kunne trene rundt andre hundar, gå fint i band, sjølvbehersking, litt tøys og triks, litt miljøtrening og litt aktivisering. Størstedelen av treninga foregår utandørs på Espeland i Arna, men me vekslar muligens litt med å vere inne, og planlegg at minst ei trening blir i nytt miljø.
Sju ettermiddagar, fra kl 18:00 kvar gong. Første gong er teori (utan hund).
Me har små grupper og tett oppfølging! Trener belønningsbasert på alle våre kurs!