LGT – alle duftene
LGT Bjørk, Anis og Kryddernellik i Arna, toesdag 24. oktober kl 18:00
Dersom du vil konkurrere i Nosework, må du først bestå LGT. Det er ein test for kvar av duftene bjørk, anis og kryddernellik, og det er ekvipasjen som består saman.
Etter bestått LGT Bjørk kan ekvipasjen delta i alle klasse 1 konkurransane.
Etter bestått LGT Anis kan ekvipasjen og delta i klasse 2 konkurransar, og etter bestått LGT Kryddernellik kan ekvipasjen delta i klasse 3 konkurransar.
Testane må takast i rekkefølga bjørk, anis, kryddernellik, og du må bestå bjørk for å gå vidare til anis osv.
Ein treng ikkje ta alle testane samtidig. Det kan vere lurt å melde på berre ein om gongen. 🙂
Alle testar for bjørk blir haldne før test for anis eventuelt startar. Alle anis blir haldne før kryddernellik startar.
Førar må vere medlem av Nosework Norge for å delta.
Ta med resultatkort om du har, ellers får du på testen!
Bindande påmelding.
Skal ein førar delta med meir enn ein hund for same duft, så gi beskjed før påmelding. Me prøver få til at alle kan delta men det hender me må sette begrensningar på akkurat dette av plasshensyn.
Løpetidstisper må gå heilt sist, uavhengig av duft.