Date

Jan 27 2024
Expired!

Time

14:00 - 16:00

RAUDT MERKE KVAM HUNDEKLUBB

Kvam Hundeklubb inviterer til prøve i RAUDT MERKE i Øystese, lørdag 27. januar 2024, kl. 14.00.

Merker er ei ny aktivitetsform frå Nosework Norge. Det er ei litt meir uhøgtidleg bestått/ikkje bestått prøve der ekvipasjen berre “konkurrerar” mot seg sjølv.

Prøva vert gjord som tre søk, der minst to av dei fire søksmomenta i Nosework er inkludert. Kvart søk har ei makstid på tre minutt. Det er eitt funn i kvart søk og ekvipasjen må gjere funn i alle tre for å få godkjend Merke.

Førar må vera medlem av Nosework Norge. Det er IKKJE krav til bestått LGT av noko slag. Førar kan berre delta med ein hund.

RAUDT MERKE
-Sjølvstende og problemløysing-

Her må førar vise at hunden søker og løyser problem på eiga hand. Det betyr ikkje “utan førar”, men at førar til dømes gir hunden rom for å jobbe på eiga hand når det er mogleg, og stør hunden når den treng det.

Alle duftene kan verta nytta.

Stad

Kvam

Arrangør

Kvam Hundeklubb
Email
kennel@hasaty.com

Instruktør

Leave a Reply