Date

Oct 01 2023
Expired!

Time

15:00 - 17:00

BLÅTT MERKE KVAM HUNDEKLUBB

Kvam Hundeklubb inviterer til prøve i BLÅTT MERKE i Øystese, søndag 1. oktober 2023, kl. 15.00.
Me har tilgang til venteområde under tak, men ikkje eit lukka rom.

Merker er ei ny aktivitetsform frå Nosework Norge. Det er ei litt meir uhøgtidleg bestått/ikkje bestått prøve der ekvipasjen berre “konkurrerar” mot seg sjølv.

Prøva vert gjord som tre søk, der minst to av dei fire søksmomenta i Nosework er inkludert. Kvart søk har ei makstid på tre minutt. Det er eitt funn i kvart søk og ekvipasjen må gjere funn i alle tre for å få godkjend Merke.

Førar må vera medlem av Nosework Norge. Det er IKKJE krav til bestått LGT av noko slag. Førar kan berre delta med ein hund.

BLÅTT MERKE
-Lar du deg lure?-
Her kan funna verta lagt uvanlege stader, så her må du stole på hunden når den finn!

Me nyttar duftene bjørk og anis.

Stad

Kvam

Arrangør

Kvam Hundeklubb
Email
kennel@hasaty.com

Instruktør

Leave a Reply