Date

Nov 19 2023
Expired!

Time

11:00 - 13:00

LILLA MERKE KVAM HUNDEKLUBB

Kvam Hundeklubb inviterer til prøve i LILLA MERKE i Tørvikbygd, Søndag 19. november 2023, kl. 11.00.

Merker er ei ny aktivitetsform frå Nosework Norge. Det er ei litt meir uhøgtidleg bestått/ikkje bestått prøve der ekvipasjen berre “konkurrerar” mot seg sjølv.

Prøva vert gjord som tre søk, der minst to av dei fire søksmomenta i Nosework er inkludert. Kvart søk har ei makstid på tre minutt. Det er eitt funn i kvart søk og ekvipasjen må gjere funn i alle tre for å få godkjend Merke.

Førar må vera medlem av Nosework Norge. Det er IKKJE krav til bestått LGT av noko slag. Førar kan berre delta med ein hund.

LILLA MERKE
-Føring i fokus-

Eit vellukka nosework søk er ikkje berre avhengig av kor flink hunden er, men også føraren. Her vert det lagt opp oppgåver som får teste akkurat dette samarbeidet.

Dufter som vert nytta er bjørk og anis.

 

Stad

Kvam

Arrangør

Kvam Hundeklubb
Email
kennel@hasaty.com

Instruktør

Leave a Reply