ORANSJE MERKE i Norheimsund
Kvam Hundeklubb inviterer til prøve i ORANSJE MERKE i Norheimsund, 7. mai 2023.
Merker er ein ny aktivitetsform frå Nosework Norge. Det er ei litt meir uhøgtidleg bestått/ikkje bestått prøve der ekvipasjen berre “konkurrerar” med seg sjølv.
Prøva blir gjord som tre søk, der minst to av dei fire søksmomenta i Nosework er inkludert. Kvart søk har ei makstid på tre minutt. Det er eitt funn i kvart søk og ekvipasjen må gjere funn i alle tre for å få godkjend Merke.
Førar må vera medlem av Nosework Norge. Det er IKKJE krav til bestått LGT av noko slag. Førar kan berre delta med ein hund.
ORANSJE MERKE
-Forstyrringar-
Det betyr at det vil vere ei forstyrring i søket, type tørre godbitar, litt kjedeleg menneskemat eller ei hundeleike, eller andre typar forstyrringar.
Det vert nytta duftene Bjørk og/eller Anis.
Instruktør
-
Monica Nyland