
Passering og mestring – for redde/usikre hundar
Er hunden din redd og usikker i møtesituasjonar? Reagerer den med å trekke seg vekk, gøyme seg, skvette – eller å dra i mot og bjeffe? Då er dette passeringskurset for deg!
Usikkerhet rundt andre hundar er svært vanleg, møtesituasjonar eller berre det å trene på å vere rundt andre hundar kan vere vanskeleg å få til i kontrollerte former, og hundane treng trygge rutiner og forventningar i situasjonane for å oppnå mestring.
På teorien går me gjennom korleis hundar lærer, belønningar, kva som formar dei og korleis hundar kommuniserar. Du får og ei enkel innføring i klikkertreningsprinsippa og treningsmetodane me skal bruke.
På treningane fokuserer me på ro og mestring, og det å kunne trene rundt andre hundar.
Me vil typisk trene litt fokus, gå fint i band, vente/pause, sladretrening m.m.
Me har små grupper og tett oppfølging på våre kurs.
Første gang er teori utan hund. Dei neste treningane er praktiske treningar. Me har base i Arna men flyttar oss rundt etter kva som er passe for gruppa.
Start kl 18:00
2. august (teori)
Treningar 3. august, 10. august, 24. aug, 31. aug og 7. sept. (onsdagar)