
S1-U Bergen
Flyt Hundetrening og Flinkt inviterar til S1-U i Bergen, mandag 27. mai!
Konkurransetype: Spesialist utandørs kl 1
Start: kl 12
Stad: Hylkje, Åsane FHS
Dommar: Mari Lægreid
Det er maks 20 plassar, og konkurransen går på ettermiddag.
Første gruppe har briefing kl 16, andre gruppe har briefing kl 18:30. Tidene kan endrast noko.
Du kan velge i påmelding om gruppe 1 (tidleg) eller gruppe 2 (seint).
Innandørs venteområde og tilgang på toalett.
Premierosett til 1., 2. og 3. plass
Premie og rosett til ekvipasjer med særs godt arbeid frå begge gruppene.
Påmeldingsavgift kr 500,-
Ekvipasjen må ha bestått LGT1 (Bjørk) for å delta, og førar må vere medlem av Nosework Norge.
Vaksinasjonsattest må visast.
Påmelding opnar 3. april kl 12:00
Send epost til mari@flythundetrening ved spørsmål.