Forventningar

Kva forventningar har me til det å ha hund?

 

Veldig mange kvalpeeigarar er førstegongseigarar. Kanskje har du gode barndomsminner frå då foreldre og besteforeldre hadde hund, kanskje har du aldri egentlig hatt hund i kvardagen før. Og sjølv for dei som har hatt hund før, så er det stor forskjell på å ha ein vaksen hund og ein kvalp. Ein “gløymer” litt korleis kvalpetida var – og hugsar best korleis den vaksne, rolege og ferdig oppdratte hunden var. 


Dei hundane eg vaks opp med budde på gard. Dei hadde nok halsbånd, men me gikk aldri gatelangs med hunden i bånd. Dei var alltid med overalt – og var stort sett ute dagen lang og aktiviserte seg sjølve. Eg har mange gode minner om fjellturar, sauesanking, rideturar og å springe over bøen med vinden i håret – der hundane “var med”, og kan ikkje hugse at me tenkte særleg på båndtvang, passeringsproblemer, trafikk eller på at me måtte aktivisere hundane på noko vis. Eg trur svært mange, inklusive meg sjølv, har ein litt romantisk tanke om korleis det er å ha hund. Fine familiefilmar med pliktoppfyllande hundar, naboen sin gamle og greie golden retriever, barndommens gardsbikkje som sanka sau og drog akebrett – det ligg nokre forventningar hjå oss alle om korleis det perfekte livet med hund er

Men så blir det ikkje alltid sånn

I alle fall ikkje heilt av seg sjølv.

I løpet av dei siste tjue åra har det blitt veldig mange fleire hundar i Noreg. I år 2000 var det ca 400 000 hundar i landet, no er det truleg ca 550 000.  Omtrent kvart femte husstand har hund, og nesten alle hundar bur i by eller i tettbygd strøk. Det er stor forskjell for ein hund som levde for 50 eller 100 år sidan, og ein som lev i dag.
Denne “eksplosjonen” av antall hundar betyr og at det har vore mykje ukritisk avl, og mange rasar har fått både fysiske og mentale skavanker på vegen. Samtidig bur hundane no stadig meir i leiligheter og einebustader der dei er heime aleine store deler av dagen, dei søv kanskje aleine eller i bur om natta, og får ein times tur på kveldstid. Når dei bur meir tett saman med mennesker, trafikk og andre hundar i nabolaget – så må dei og forholde seg mykje meir til ting som skjer rundt seg som dei skal lære seg å ignorere. 

I utgangspunktet er hundane svært tilpasningsdyktige dyr, det er truleg slik dei utvikla seg frå ulv til hund. Tilpasningsdyktige (og tillitsfulle) individ fann ut at det lønar seg å henge rundt mennesker. Det er fullt mogleg for ein hund å trivast med å bu i ein liten leilighet og å vere aleine store deler av dagen – men det krev trening sjølv for dei individa som er mest stabile. 
Avl har gjort stadig fleire hundar redde og usikre. Redde hundar vert ofte oppfatta som rolege og tillitsfulle, og redsel og usikkerhet er arveleg. Difor er mange kvalpar i dag fødde med meir usikkerhet enn før, og akkurat desse kvalpane kan det vere vanskeleg for å venne seg til hektisk byliv med trafikk, og det gir problemer i hundeholdet seinare. Difor er miljøtrening og riktig sosialisering så viktig. 🙂

Kva er Nosework?

Nosework er ein søkssport og søksaktivisering der hunden skal finne dei tre forskjellige Noseworkluktene. Grunnleggarane ønskte å tilby ein enkel

Read More »

Noseworkkonkurranse

Laurdag 9. oktober, og søndag 10. oktober blir det Noseworkkonkurranse på Dovre! Endelig tid for konkurranse igjen! Og denne gongen

Read More »

Klikkertrening

Er du ein klikkertrenar, eller brukar du berre klikker i treninga? Det er nemlig ein forskjell. Klikkeren er ein liten

Read More »