Klikkertrening

Er du ein klikkertrenar, eller brukar du berre klikker i treninga? Det er nemlig ein forskjell.

Klikkeren er ein liten plastboks med ein metalldings som lagar ein spesifikk klikkelyd. I seg sjølv eit ubrukelig objekt med mindre du lærer hunden kva den betyr, og det går fint an å klikkertrene uten å bruke ein klikker.

“Clicker training is an animal training method based on behavioral psychology that relies on marking desirable behavior and rewarding it.” – Karen Pryor Clicker Training

Klikkertrening som metode

Karen Pryor har mykje av skylda/æren for at klikkertrening er så utbredt innan hundetrening i dag. Ho starta å bruke klikkeren medan ho arbeidde med delfinar, og brukte klikket for å kommunisere med delfinane kva atferd som førde til belønning. Og det er eigentleg klikkertrening i eit nøtteskal. Klikket blir ein markør, ein lyd som kommuniserer til dyret akkurat kva atferd som er riktig og at ein belønning er på veg.

Men klikkertrening som metode har vore godt kjent sidan før Karen Pryor, sjølv om det var lite brukt utanfor forskning. Metoden bygger på vitskapelege læringsprinsipp, og det er ein del ting som må vere på plass for at ein kan definere treninga som klikkertrening.

Fokus på å belønne riktig atferd

I klikkertrening legg me opp treninga for at hunden skal få til å velge riktig atferd, slik at me kan belønne. Me bygger opp treninga slik at hunden skal erfare kva atferd som løner seg i forskjellige situasjonar. 

tren kontakt med klikkertrening

Her må ein tenke litt omvendt i forhold til “gamaldags” trening, og i staden for å gripe inn og korrigere det hunden gjer feil fokusere på å legge merke til at hunden gjer riktig.
Det betyr mellom anna at du skal belønne kvalpen din for eksempel når den:

Er stille når det ringer på døra
Tar kontakt med deg når den er løs på tur
Er på kjøkkenet uten å hoppe opp på benken

Dette kan være vanskeligare enn ein ser for seg, for stort sett er det først når hunden gjer noko feil at ein startar treninga. Lag deg ein plan for kva du vil at den skal gjere i forskjellige situasjonar, og belønn det.


Frivillig atferd

Dette kan nok virke litt diffust, dei fleste tenker nok at dei trener med frivillig atferd om dei viser ein pølsebit og ber hunden sitte. Det motsatte av frivillig blir tvang, og det er få som driver med tvangs-sitting som treningsmetode.
Frivillig atferd definerar me som atferd hunden gjer av seg sjølv, uten at den blir lokka eller manipulert. Til dømes er atferder som å sette seg ned, kikke på deg eller følge etter andre atferder som me ikkje treng å lokke eller forme fram. Hunden kan dei av seg sjølv, så me kan klikke og belønne når dei skjer, og slik kommunisere med hunden at desse atferdene løner seg.

Betinga forsterker / Klikkeren

Klikkeren er nok det folk flest forbinder med klikkertrening. Me kallar den ein “betinga forsterker”, og det er ein spesifikk lyd som me har lært hunden at betyr at det er ein belønning på veg. Du kan bruke heilt andre ting enn klikkeren, andre lydar eller ord, eller synlige ting om du har ein døv hund. Det viktige er at det er ein markør som hunden forstår, og at den blir brukt for å markere akkurat det som er riktig. Skal du trene på hold fast så må du klikke medan hunden held fast i eit objekt, ikkje i det den spytter det ut.
Avtalen du lagar med hunden er at lyden betyr at atferden var riktig, og at det kjem ein belønning kort tid etterpå. Hunden kan slik lære meir komplekse atferder, og få markert riktig atferd sjølv om du ikkje står med pølse klar i handa eller om den er på lengre avstand til deg.

Fokus på kva me ser skjer

Eit svært viktig punkt ved klikkertrening er at me fokuserer på kva som faktisk skjer, og ikkje på kva me trur hunden kanskje tenker på. Det er ingen som er tankelesarar, og hundane kan ha heilt andre idear enn me faktisk trur.
Når me trener så ser me difor etter kva som faktisk foregår. Har eg klikka for at min hund satte seg, og så går hunden sin veg etter å ha fått belønninga, så kan det vere fleire ting som er feil.
Eg kan ha for kjedelig belønning, så hunden vil ikkje trene meir.
Det kan være andre ting i miljøet som hunden vil utforske.
Eg kan ha klikka på heilt feil tidspunkt, og egentlig fortalt hunden at det er det å bevege seg som er riktig.

Me analyserer det som faktisk foregår, ser på kva konsekvensar som heng saman og tilrettelegg for betre trening i neste omgang.


Lære meir?


Vil du lære meir om kva klikkertrening er?
Les gjerne meir her hos canis: https://canis.no/hva-er-klikkertrening/
Eller her hos forskning.no: https://forskning.no/dyreverden/slik-trener-du-dyret-ditt–vitenskapelig/800381
Eller her hos Karen Pryor: https://www.clickertraining.com/whatis

Eller gå eit kurs hjå oss i Canis Bergen! 

 

Kva er Nosework?

Nosework er ein søkssport og søksaktivisering der hunden skal finne dei tre forskjellige Noseworkluktene. Grunnleggarane ønskte å tilby ein enkel

Read More »

Noseworkkonkurranse

Laurdag 9. oktober, og søndag 10. oktober blir det Noseworkkonkurranse på Dovre! Endelig tid for konkurranse igjen! Og denne gongen

Read More »

Klikkertrening

Er du ein klikkertrenar, eller brukar du berre klikker i treninga? Det er nemlig ein forskjell. Klikkeren er ein liten

Read More »