Kva er Nosework?

Nosework er ein søkssport og søksaktivisering der hunden skal finne dei tre forskjellige Noseworkluktene. Grunnleggarane ønskte å tilby ein enkel form for søksaktivisering som skulle hjelpe hundane med å få ein meir variert kvardag og betre mental trening, og å gjere søksarbeid  meir tilgjengeleg for folk flest!

Dei tre forskjellige Noseworkluktene er Bjørk, Anis og Kryddernellik. Hundane skal finne q-tips som er kontaminert(!) med luktene, og altså ikkje jobbe med luktstoffa direkte. Kontaminert betyr at q-tipsen har lege t.d. i eit glass, sammen med ein bomullsdott som har fått ein drope med noseworkolje på seg. Q-tipsen blir slik “smitta” av luktmolekyl som svevar rundt i glaset og festar seg på q-tipsen. 
Oljene er essensielle oljer, og ein drope rekk lenge. Av uviss grunn står det typisk at ein q-tips er holdbar i minst tre månader, men erfaringsmessig held eit slikt glass i fleire år.

Typisk er at ein introduserar Bjørk først. Bjørk er den einaste lukta ein møter i konkurranse klasse 1, og at ein så etterkvart lærer inn dei andre luktene.
I klasse 2 kan hunden møte Bjørk eller Anis, eller ein kombinasjon av begge luktene. I klasse 3 er den nye lukta Kryddernellik, og de kan møte Bjørk, Anis, Kryddernellik eller ein tilfeldig kombinasjon av to eller alle luktene. 

Noseworkluktene er ikkje delt opp i meir eller mindre vanskelege lukter, så Bjørk er ikkje “lettare” for hundane enn Kryddernellik så lenge ein trener like mykje på alle luktene. Fordelen med å ha tre (+ kombinasjonslukter) forskjellige lukter er at ein då kan legge ut meir avanserte søk som utfordrar hundane meir. I eit rom der det t.d. er Bjørk i eitt funn, Anis i eitt andre funn og kombinasjon Bjørk/Anis i eit tredje funn må hundane jobbe meir og ha meir erfaring, motivasjon og uthaldenhet for å finne alle tre og skille dei frå kvarandre. Det er avansert og difor møter ein ikkje den typen utfordring i klasse 1 der det kun er eitt funn, med samme lukt, i kvart søk.

Dei fire søksmomenta i Nosework er Innendørs, Utendørs, Køyretøy og Emballasje.

Innendørs er rett og slett innendørs. Det kan vere eit rom, ein gang, garasje, bod eller kva som helst som blir definert som “inne”. Ingen begrensning på størrelse, og kan vere eit heilt rom eller deler av eit innendørsområde/rom, og i klasse ein er det kun eitt funn i kvart innendørssøk.
Utendørs er meir eller mindre alt som ikkje er innandørs. Utendørssøk kan vere utanpå ein bygning, midt på ein grusplass, i ei grøft eller langt uti skogen – eller kva som helst anna ute.
Køyretøysøk er søk på køyretøy, typisk bil, hengar, traktor eller andre vanlege køyretøy. Hunden skal kun søke på utsida av køyretøyet, og må her alltid vere i band.
Emballasjesøk er kanskje ein av dei tinga som definerer Nosework mest. Me introduserer søk med emballasje, ekvipasjen må gjennom emballasje i Luktgjenkjenningstesten og det er eit eige søksmoment. Emballasjesøket er altså i pappkassar (i klasse 1) og kan vere både innandørs eller utendørs.

NW  eller Spesialist
Ein NW-konkurranse er ein konkurranse i alle søksmomenta, altså fire separate søk i konkurransen. 
Ein Spesialistkonkurranse er ein konkurranse i kun EITT av søksmomenta. Altså kun innandørssøk, kun emballasje osv. Her er det tre til fem søk i ein konkurranse.

Luktgjenkjenningstesten
For å delta på konkurranse så må ekvipasjen ha bestått LGT. Testen er ein test som skal sjekke at hunden kan finne duft, og at førar kan lese hund, og kan gjerne gjennomførast ein stad både hund og førar er kjent og vant til å trene.
Det er tre forskjellige LGT, ein for kvar av luktene og ekvipasjen må bestå LGT1 for å konkurrere i klasse 1, LGT2 for å konkurrere klasse 2 osv.
Merk at det er ekvipasjen som må bestå, så har hunden to eigarar så må begge ta testen med hunden.

Klasse 1 utfordringa – nytt miljø
Dette er det eg tykkjer skil Nosework frå andre søkssporter! I klasse ein skal ikkje søket i seg sjølv vere den største utfordringa, største delen av utfodringa skal vere at søket er i nytt miljø. Altså skal ikkje områder der hundane er kjent/vant til å trene brukast for konkurranse. Kontaminering av området er sjølvsagt og ein ting (lukt kan henge igjen lenge etter berøring), men miljøutfordringa er for meg meir viktig. Nosework har mestring i fokus, og å mestre konkurransenerver for førar pluss miljøutfordring for hund samtidig er for meg ein av grunnane til å faktisk ha konkurranse som eit (langsiktig) mål for hundar med miljøutfordringar!

 

Kva er Nosework?

Nosework er ein søkssport og søksaktivisering der hunden skal finne dei tre forskjellige Noseworkluktene. Grunnleggarane ønskte å tilby ein enkel

Read More »

Noseworkkonkurranse

Laurdag 9. oktober, og søndag 10. oktober blir det Noseworkkonkurranse på Dovre! Endelig tid for konkurranse igjen! Og denne gongen

Read More »

Klikkertrening

Er du ein klikkertrenar, eller brukar du berre klikker i treninga? Det er nemlig ein forskjell. Klikkeren er ein liten

Read More »