Lukt blir til kjensler

Kvifor skapar nokre lukter tydelige minner og kjensler? Kva er det som skjer i hjerna, og har dette noko med Nosework å gjere?

Vafler, hubba buba, nyslått gras, skogstur i lett høstregn…  Av og til kan ord i seg sjølv skape minner, minner som er enno sterkare om ein kjenner lukta enn om ein høyrer ordet. Kvifor er det slik at ein kan trigge sterke minner med luktesansen? Sterkare enn ord og bileter?

Luktesansen er ein primitiv sans, ein av dei første sansane som vart utvikla. Luktelappen, den delen av hjernen som er dedikert luktesansen, ligg med direkte kopling til to deler av hjernen som høyrer til emosjonar og minner: Amygdala og Hippocampus. Desse ligg alle i det limbiske systemet, som er dei eldste delane av storhjernen. Dette systemet vart før faktisk kalla for “luktehjernen”, men inneheld altså meir enn kun luktesans.

Amygdala har betydning for hukommelse og sosial atferd, Hippocampus er viktig for hukommelse og læring. 

Luktesansen ligg altså fysisk tett knytt til hukommelse og læring! Og det er litt unikt! Lukter som vert oppfatta går gjennom desse delane av hjernen, og det gjer ikkje syn, lyd eller følesansen. Difor gir ikkje inntrykk frå ord eller syn like kraftige minner/kjensler som ei lukt. Luktene virkar altså på ein annan måte, og det vert  ubevisst “kopla saman” inntrykk frå luktesansen og dei kjenslene/minna ein har frå tidlegare lukter.

Når me trenar Nosework, trenar me hundane til å gå rundt omkring og lukte på saker og ting. Viktigast i vår trening er å gi hunden motivasjon til å søke, ved å la hunden søke etter noko den blir glad for å finne. Slik koplar me bevisst saman lukta av noko kjekt, med hukommelsen. Me lagar ei deilig suppe av minner, lukter og kjensler som (helst) skal få hunden til å få den god-kjensla i søk, og å greie hente fram minner frå tidlegare søk og funn, og å bygge på sin eigen motivasjon frå eigne tidlegare erfaringar.

Når me etterkvart lærer hunden Noseworkduftene, så er målet her å skape positive emosjonelle relasjonar til sjølve lukta. Utnytte koplinga mellom luktesans, minner og kjensler. Noseworkduftene har i utgangspunktet ingen betydning for hundane, ingen hundar er fødd med eit ønske om å finne Bjørk, Anis eller Kryddernellik (i alle fall ikkje utan særleg avl, meir om det seinare….). Denne forventninga må lærast. Og når me no veit at hukommelse og kjensler ligg tett knytt med luktesansen, så burde det ikkje vere så vanskeleg å legge ein plan for korleis hunden kan få oppleve lukta i ein setting der den blir glad og får gode minner?

Kva er Nosework?

Nosework er ein søkssport og søksaktivisering der hunden skal finne dei tre forskjellige Noseworkluktene. Grunnleggarane ønskte å tilby ein enkel

Read More »

Noseworkkonkurranse

Laurdag 9. oktober, og søndag 10. oktober blir det Noseworkkonkurranse på Dovre! Endelig tid for konkurranse igjen! Og denne gongen

Read More »

Klikkertrening

Er du ein klikkertrenar, eller brukar du berre klikker i treninga? Det er nemlig ein forskjell. Klikkeren er ein liten

Read More »