Kvalpebiting

Kvalpebiting kan vere svært slitsom. Nokre kvalpar er spinnville i kvalpebitingstida – andre noko rolegare – og ofte går det ut over hender, føtter, sko og alt anna kvalpen får tak i. Veldig ofte kan dei bite meir på enkelte familiemedlemmer enn andre.

KVALPEBITING GÅR ALLTID OVER AV SEG SJØLV

Jepp. Du slipper faktisk å gjere noko som helst for å få det til å slutte. Det er INGEN vaksne hundar som driv med kvalpebiting. Det går alltid over, og sluttar ein eller annan gong rundt den tida dei bytter frå kvalpetenner til vaksentenner. (Vanlegvis rundt fem mnds alder – litt avhengig av rase/individ)

Kvalpane lærer og utforskar verda ved å bruke munnen. Biting og tygging på ting kan vere for å utforske og finne ut kva som er gøy å bite på, det kan vere fordi dei klør i munn og gummar, eller av heilt andre grunnar. 
Det er heilt naturleg at dei prøver seg fram, og det er ein viktig del av oppveksten at dei får lov til (og tør) å utforske. Det betyr likevel ikkje at du skal vere ei vandrande biteleike.

Trygge kvalpar blir trygge vaksne

For å få ein trygg kvalp, er det viktig å sette grenser på ein fin måte. Hundar lærer av konsekvensar, og for å komme seg gjennom kvalpebitinga må du lære deg å avlede, tolke kva type biting som foregår, og gi riktige konsekvensar av atferd. Vær høflig, grei og tolmodig, det går over!


For nokre kan det fungere å pipe litt høgt, avslutte leik og gå sin veg, dersom kvalpen blir for heftig i biting på hender og føtter. Ved å pipe/sei “au” litt høgt og plutselig imiterar ein den atferda kvalpar har seg i mellom som er den dei normalt lærer bitehemming av. Du bør og avslutte aktiviteten ved å fjerne deg sjølv – då lærer kvalpen at å bite på hender fører til at leiken sluttar og du går din veg.
Tell til ti før du tar opp igjen leik eller aktivitet med kvalpen. Repeter om den startar på nytt 

Forsøk så langt du kan unngå å la vere å prøve å true/skremme/straffe kvalpen frå kvalpebiting. Dei fleste kvalpar taklar å bli sagt “nei” til, men om det funkar, så er det fordi dei vert skremde. Etterkvart lærer dei vanlegvis fort at det ikkje skjer noko meir, alternativt lærer dei at du kan plutselig bli uforutsigbar og skummel. Bruk heller “nei” som eit stoppsignal – og tren det bevisst ved å belønne det du vil at hunden skal gjere.

Det er dessverre ein del oppdrettarar og aktive hundefolk som framleis bevisst brukar metodar som skal stoppe kvalpebiting og uønska oppførsel ved straff. Det er heldigvis på veg “ut” og eit fåtall som framleis heng litt igjen i gamle metodar, men du vil nok møte på folk som gir velmeinte men dårlege råd. Typisk er råd om å rope Nei høgt og trampe i bakken, holde munnen til kvalpen igjen, legge kvalpen på rygg, ta tak og slenge den over golvet, klype hardt i øyra, sprute vatn og liknande. Alle variantar av konsekvensar som skremmer/truar kvalpen kan gi uønska bivirkningar og det vil du helst unngå. 

Kva er Nosework?

Nosework er ein søkssport og søksaktivisering der hunden skal finne dei tre forskjellige Noseworkluktene. Grunnleggarane ønskte å tilby ein enkel

Read More »

Noseworkkonkurranse

Laurdag 9. oktober, og søndag 10. oktober blir det Noseworkkonkurranse på Dovre! Endelig tid for konkurranse igjen! Og denne gongen

Read More »

Klikkertrening

Er du ein klikkertrenar, eller brukar du berre klikker i treninga? Det er nemlig ein forskjell. Klikkeren er ein liten

Read More »