Kvar kjem Nosework frå?

Nosework


Nosework er i vinden som aldri før her på vestlandet, og større skal det bli! Men kva er det eigentleg, kva skil nosework frå andre typar søksaktivitetar?

Nosework vart starta i USA som ein type aktivitet som skulle sysselsette tenestehundar som var gått av med pensjon. Desse hundane gjekk ofte frå svært hektiske dagar med mykje aktivitet, til “ingenting”, og trong framleis å vere i aktivitet for å fungere i kvardagen og å ha gode liv. Samstundes ønskte dei som starta Nosework å bidra med aktivisering av hundar på omplasseringssentre i USA. Slike sentre har ofte mykje støy og uro.

Bakgrunn frå arbeid med tenestehundar

Dei bygde opp ein søksaktivisering som tek utgangspunkt i korleis dei trena tenestehundane sine når dei var i arbeid.

Grunnleggarane arbeidde dagleg med trening av operative søkshundar (toll, narkotika, politi, minehund m.m.), og forenkla treningsmetodane noko. Enklare opplegg for at det skulle vere lettare i kvardagen og på omplasseringssentra. 

Etter kort tid fann dei at ikkje berre fekk tenestehundane betre liv, men det vart meir ro på omplasseringssentera. Det vart lettare å finne nye heimar til hundane, og færre kom i retur. Aktiviteten spreidde seg til fleire stader, og nye eigarar ville gjerne trene vidare sjølve. Slik vart Nosework ein organisert sport på grunn av etterspørselen, og det spreidde seg ut til andre land.

Nosework er laga for hunden

Det som særleg skil Nosework frå andre søksaktivitetar, er at det er ein sport på hunden sine premissar. Det er enkle innlæringsmetodar, som er lette å forstå for både hund og eigar – og der fokuset ligg på mestring og glede hjå ekvipasjen. Førar lærer å observere, forstå og stole på sin hund, og hunden lærer å forstå duft, mestre miljø og bygger tillit til seg sjølv og førar. Det er eit fantastisk verktøy særleg for unghundar og “problemhundar”, men passar for alle som ønsker å være med på ein trivelig aktivitet med hunden sin!

Kva er Nosework?

Nosework er ein søkssport og søksaktivisering der hunden skal finne dei tre forskjellige Noseworkluktene. Grunnleggarane ønskte å tilby ein enkel

Read More »

Noseworkkonkurranse

Laurdag 9. oktober, og søndag 10. oktober blir det Noseworkkonkurranse på Dovre! Endelig tid for konkurranse igjen! Og denne gongen

Read More »

Klikkertrening

Er du ein klikkertrenar, eller brukar du berre klikker i treninga? Det er nemlig ein forskjell. Klikkeren er ein liten

Read More »